Tida før den den endelege arrestasjonen av Hauge i 1804 og rettssaka mot han var Hauges og tilhengjarane hans sin relasjon til samfunnet i stor grad prega av konflikt. Hauge kom tidleg i motsetnad til prestar og andre embetsmenn, ikkje minst fordi dei oppfatta forkynnarverksemda hans å vere i strid med konventikkelplakaten av 1741, som sette forbod mot religiøse møte utanfor prestane sin kontroll.
Hauge blei fleire gonger arrestert for brot på konventikkelplakaten. Han blei som oftast lauslaten etter få dagar eller veker, men i 1799 sat han ein månad i tukthus i Trondheim etter sju vekers varetektsarrest. Våren 1800 reiste Hauge til København for å leggje fram saka si for kongen, men gav opp dette då han kom dit. Derimot publiserte han nye opplag av skriftene sine og eit par nye bøker, Den Christelige Lære og Christendommens Lærdoms Grunde.
Regjeringa i København fekk fleire klagar på Hauge si «fanatiske» forkynning. Ifølgje skuldingane førte forkynninga til mistillit til styresmaktene og prestane. I 1804 bad regjeringa embetsmennene i landet om å gi rapportar om Hauge si verksemd. Dei fleste skildra han som ein svermar og folkeforførar som spreidde overtru, fanatisme og falsk kristendom blant allmugen og utnytta religionen til økonomisk vinning. Dette syner at Hauges og haugianarane sin konflikt med styremakter og borgerskap gjaldt meir enn dei religiøse sidene. Ikke minst den økonomiske aktiviteten var ei viktig motføreutelling mot rørsla. Hausten 1804 gjekk det frå regjeringa i København ut eit rundskriv til alle amtmenn med ordre om å arrestere Hauge.
Etter at Hauge var komen heim frå ei reise til Danmark, blei han arrestert i Eiker og ført til Oslo for å stillast for ein kongeleg undersøkingskommisjon. Kommisjonen arbeidde i ni år, og i mellomtida sat Hauge fengsla. Dei to første åra sat han under så harde vilkår at han fekk ein alvorleg helseknekk. Først i 1809 blei tiltalen utforma, der han blei skulda for brot mot konventikkelplakaten, kritikk av prestar og embetsmenn, og for å vill-leie ungdomen. Mest alvorleg var likevel tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit organisatorisk fellesskap som kunne utfordre den statlege organisasjon, ein «stat i staten». Han blei òg skulda for å ha disponert ei «heilag kasse» av pengane til venene, som Hauge hadde gjort seg rik på.
I 1809 vart Hauge mellombels lauslaten for å reise til Sørlandet, på oppdrag frå det offentlege, for å lage til og forbetre saltkokeri. På grunn av blokaden under Napoleonskrigane måtte Noreg sjølv dekkje behovet sitt for salt, og Hauge hadde innsikt i saltutvinning. I 1811 vart han lauslaten, men dommen fall først i 1813 og lydde på to års festningsarbeid. Retten avviste då tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit borgarsamfunn i staten, då det ikkje blei bevist at han hadde disponert venene sine pengemidlar eller svindla folk.
Hauge anka dommen for Overkriminalretten, som like før jul i 1814 dømde han til 1000 riksdalar i bøter for brot på konventikkelplakaten og fornærmelege utsegner om prestane, men frifann han for tiltale for religiøs separatisme og økonomisk utnytting av tilhengjarane sine. Alt i februar 1815 var bota gjord opp. I 1820 fekk Hauge erstatning frå staten på 2614 spesidalar for tapt inntekt og tap av formue.
Kommentarar (2)
skreiv Tone Tobiasson
Siden filmen om hans liv kommer, hvor det vektlegges om hans serie-gründer virksomhet, kunne artikkelen oppdateres med at hans følgere etablerte Sjølingstad ullvarefabrikk (idag museum) og Halvor Ophuus som fikk lærligeplass på Enigheten og senere ble oppfordret av Hans Nielsen Hauge til å flytte til Romsdal for å 'spre såkornet'. Ophuus' datter giftet seg med Niels Devold, som Ophuus tok i lære og deres sønn Ole Andreas Devold grunnla Devold fabrikker. Hauge strikket også vanter for salg i fengsel som ble solgt til Kristianias velstående kvinner, etter å ha oppfunnet en ny strikketeknikk. Norsk strikkehistorie (Klepp & Tobiasson, 2018)
svarte Hallgeir Elstad
Takk for innspel!
Vh Hallgeir Elstad
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.