Hardanger Folkeblad
Faktaboks
- Offisielt namn
- HARDANGER FOLKEBLAD AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Odda
- Stifta
- 24.04.1990
- Dagleg leiar
- Eivind Sjåstad
- Styreleiar
- Ole Morten Ringdal


Digitalt
Hardanger Folkeblad publiserer stoffet på ulike digitale flater. Betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett var 9552 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Det første nummeret av Hardanger Folkeblad kom ut i Odda 8. juni 1940, som partiavis for Arbeidarpartiet, med Leif Granli som redaktør. Den nye avisa vart stansa av tyskarane allereie året etter. Arbeidarrørsla har frå tidleg på 1900-talet stått sterkt i Odda og prøvde fleire gonger å starte avis, men dei fekk alle kort levetid.
I 1946 kom Hardanger Arbeiderblad, oppretta som eit framhald av den tidlegare Hardanger Social-demokrat. Men denne avisa vart lagd ned i 1949 til fordel for Hardanger Folkeblad, som fekk ein ny start 24. juni 1949. «Odda og Tyssedal faglige utval» var utgivarar, og avisa skulle framleis vere organ for Arbeidarpartiet. I 1990 vart avisa kjøpt opp av A-pressa (no Amedia). Hausten same året vart konkurrenten i Odda, avisa Hardanger, lagd ned, og sidan har Hardanger Folkeblad vore einerådande i området.
I 1960-åra og utover var avisa tidleg ute med dei tekniske nyvinningane på den tida, med offset og tabloidformat. I 1995 vart produksjonen heildigital.
Opplag
Opplagstal for Hardanger Folkeblad, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 5495 |
1988 | 5590 |
1990 | 5635 |
1991 | 5852 |
1992 | 5919 |
1993 | 5940 |
1994 | 5951 |
1995 | 5835 |
1996 | 5847 |
1997 | 5598 |
1998 | 5879 |
1999 | 5867 |
2000 | 5876 |
2001 | 5816 |
2002 | 5766 |
2003 | 5731 |
2004 | 5705 |
2005 | 5638 |
2006 | 5574 |
2007 | 5538 |
2008 | 5499 |
2009 | 5400 |
2010 | 5326 |
2011 | 5142 |
2012 | 5023 |
2013 | 4866 |
2014 | 4674 |
2015 | 4514 |
2016 | 4639 |
2017 | 4712 |
2018 | 5007 |
2019 | 5159 |
2020 | 5399 |
2021 | 5278 |
2022 | 5303 |
2023 | 5113 |
År | Opplag |
---|---|
1950 | 2600 |
1960 | 3429 |
1994 | 5951 |
2008 | 5499 |
2015 | 4365 |
2016 | 4639 |
2017 | 4712 |
2018 | 5007 |
2019 | 5159 |
2020 | 5399 |
2021 | 5278 |
2022 | 5303 |
2023 | 5113 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforbund (MVL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Kjartan Rødland: «Hardanger Folkeblad», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.