Men då Det Norske Teatret skulle opne i 1913, vart Haaland tilsett som skodespelar i det første ensemblet. Her var dialektbakgrunnen og landsmålsengasjementet hans plutseleg ein ressurs. I 1922 vart han utnemnd til sjef ved Det Norsk Teatret, og han vart sitjande som teatersjef heilt til 1933.
Haaland gav teatret sårt tiltrengd kontinuitet og stabilitet i leiinga. Han etablerte den dobbelstrategien som sidan har prega teatret, med avantgardistisk teater og kommersielle folkekomediar side om side. Han knytte instruktøren Agnes Mowinckel til teatret, og gjennom ein serie iscenesetjingar frå 1923 og utetter gjorde ho Det Norske Teatret til det kunstnarisk førande teatret i landet.
Haaland sjølv var ein realistisk og etter kvart gamaldags instruktør, men ein sterk karakterskodespelar. Mellom høgdepunkta var rollene som Paulus Hove i Arne Garborgs Læraren (1938), Jegor Bulytsjov i Maxim Gorkijs drama med same namn (1935) og hovudrolla i Carl Zuckmayers Köpenick-kapteinen (1932).
Ingjald Haaland vart verande skodespelar ved teatret etter sjefsperioden, til han i 1940 trekte seg attende til Mundheim i Hardanger i lag med andrekona si, Tove Bryn Haaland. Her la han ned eit stort arbeid i å støtte og inspirere amatørteaterrørsla, med far til Jon Fosse mellom dei mange ivrige amatørskodespelarane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.