Det Norske Teatret hadde mange lystspel på repertoaret, og Haaland fekk høve til å utfalde seg i farsar og komediar. I 1913 spela ho Nille i Jeppe på Berget, med kong Haakon og andre høgborne menn til stades på premieren. Same året medverka ho i Lars-Anders og Jan-Anders. Dette stykket var ein svensk folkekomedie, ein sjanger som var populær og pengeinnbringande i mange år framover. I idrettskomedien Sportsdilla imponerte ho som tenestejenta som gjorde stavsprang på riveskaftet.
Då storsatsinga Læraren av Arne Garborg vart sett opp i 1914, spela Haaland den karakterkomiske rolla som Maren dokter, og ho fekk rosande kritikkar. I 1915 hadde Oskar Braatens Ungen premiere på nynorsk, med Haaland i rollene som både Petrina og Sersjant-Petra. Ein skikkeleg publikumsfulltreffar kom i 1917, då sogespelet Kråka vart sett opp. Her spela Haaland trælkvinna Grima, som ho overdreiv til det groteske. Stykket vart den største suksessen til Det Norske Teatret til då, med 81 framsyningar.
Straumen frå 1922 handla om klasseskilnader på bygdene i gamal tid. Her spela Haaland trollkjerring, ei rolle der ho verkeleg fekk vise sine særeigne kunstnarlege evner til å overdrive. Med masker, mimikk og manerar fekk ho publikum til å grøsse og le og til leve seg inn i underlege skapnader.
Etter at ho kom til Det Nye Teater i 1928, spela ho i ei rekkje komediar, mellom anna Natt-kabaret, Svindlerne og Min kones familie. Ho hadde ei sentral rolle som syerske i Piker i uniform, men store, berande komedieroller fekk ho knapt dei få åra ho verka ved teateret. Skodespelaren Leif Juster, som var engasjert ved teatret samtidig med Haaland, fortalde om henne at dersom ho fekk utdelt ei rolle ho syntest var for lita, sa ho replikkane fleire gongar for at dei skulle verte større – og folk lo. Sjølv i småroller trekte ho eit stort publikum og redda slik meir enn éi framsyning for teatret.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.