Blant dei viktigaste romanane er
-
Sandslottet (originaltittel: The Sandcastle, 1957)
-
Klokken (originaltittel: The Bell, 1958)
-
Den italienske piken (originaltittel: The Italian Girl, 1964)
-
Nederlag med ære (originaltittel: A Fairly Honourable Defeat, 1970)
-
The Black Prince (1973)
-
The Sacred and Profane Love Machine (1974)
-
The Sea, the Sea (1978)
Murdoch debuterte med romanen Under the Net (1954), som skildrar unge, rotlause intellektuelle i eit moderne London i rask endring etter andre verdskrigen. Sjølv om denne boka vekte oppsikt, kom gjennombrotet hennar som romanforfattar med Klokken (1958). Den psykologiske realismen i personskildringa i Klokken utviklar og nyanserer ho i seinare romanar frå Et avhugget hode (1961) og framover. Murdoch skreiv dei viktigaste romanene sine i 1970-åra. To illustrerande eksempel på spennvidda i tematikk og forteljemåte er The Black Prince (1973) og The Sacred and Profane Love Machine (1974).
The Black Prince er ein kompleks roman der hovudersonen Bradley Pearce er ein frustrert romanforfattar som har utgitt to romanar, men som har hatt skrivesperre dei siste 20 åra. Han søkjer etter det store idealet, kunstverket som vil gi den fullkomne presentasjonen av det gode og vakre. Men når Bradley blir involvert i hendingar og konfliktar med personane rundt seg, får han problem med å harmonisere søkinga etter idealet med realitetane han møter – ikkje minst når han forelskar seg. Eit originalt grep er at etter at Bradley (som er forteljar i romanen) har skrive sin versjon av handlinga, lèt Murdoch dei andre personane få lese denne versjonen, som dei så kommenterer og kritiserer frå sine varierande perspektiv. Til slutt lèt så Murdoch ein «redaktør» reflektere over både Bradleys framstilling og dei andre personanes kommentarar.
I The Sacred and Profane Love Machine brukar Murdoch ein tredjepersonsforteljar til å presentere hovudpersonar med varierande verdiar og med handlingsmotiv som skaper konfliktar i plottet og driv det framover. Harriet trur ho lever i eit lykkeleg ekteskap med mannen Blaise, inntil Blaises elskarinne, Emily, tvingar Blaise til å skrive til Harriet om forholdet dei to har tatt i mange år. Konsekvensane blir dramatiske, og i forviklingane utover i plottet avslører og representerer personane ulike moralske verdiar. Etter at Harriet – som er innstilt på å hjelpe andre, inkludert ein son som Blaise har med Emily – blir eit tilfeldig offer i ein terroristaksjon, brukar Murdoch brukar dei andre personanes varierande reaksjonar på hennar død til å nyansere og skjerpe dei etiske spørsmåla i romanen.
Sjølv om desse to eksempla viser at Murdochs forteljemåte varierer frå roman til roman, er det eit gjennomgripande mønster at romanpersonane, som gjerne er frå øvre britisk middelklasse, blir konfronterte med ulike moralske dilemma. Desse blir ofte framprovoserte av hendingar i plottet som kjem overraskande på personane og som får dei til å vise nye sider ved seg sjølve. Dette gjeld også romanen Murdoch fekk Bookerprisen for, The Sea, the Sea. Her framstiller Murdoch sider ved, og konsekvensar av, makt og tap ved å fortelje om ein pensjonert teaterregissør som blir overvelda av sjalusi då han etter fleire tiår møter igjen ei kvinne han elska. Murdoch moraliserer ikkje, men ho framstiller ikkje alle moralske verdiar som like gode. Romanane viser kor vanskeleg, men samtidig viktig, søkinga etter det ho i filosofien sin kalla «det Gode», faktisk er.
Fleire av romanane er blitt adapterte til film og TV, inkludert ein britisk TV-serie basert på An Unofficial Rose og Klokken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.