Ivar Orgland var ein norsk filolog og forfattar. Han la ned eit stort arbeid som formidlar av islandsk dikting og kultur.
Ivar Orgland
Faktaboks
Carl Ivar Svendsbøe Orgland
- Fødd
- 13. oktober 1921, Kristiania (Oslo)
- Død
- 16. juni 1994, Asker
- Levetidskommentar
- Gravlagd i Vikebygd i Vindafjord
Bakgrunn
Carl Ivar Svendsbøe Orgland var fødd i Kristiania og døydde i Asker i Akershus. Han tok examen artium på reallinja ved Oslo katedralskole i 1939, vart cand.philol. i 1949 med norsk hovudfag og tysk og historie sidefag og vart dr.philos. ved Islands universitet (Háskóli Íslands) i 1969 med avhandlinga Stefán frá Hvítadal og Noreg. Han var den første utlendingen som disputerte ved universitetet på Island.
Orgland var stipendiat, seinare lektor i norsk ved Háskóli Íslands i 1950–1960, lektor i norsk ved Lunds Universitet i 1962–1969 og lektor i islandsk ved Universitetet i Oslo i 1973–1979. Frå 1980 var han statsstipendiat.
Forfattarskapen
Orgland debuterte som lyrikar i 1950 med diktsamlinga Lilje og sverd og gav seinare ut 15 samlingar, mellom anna Atlantider (1960), Farvegar (1964), Villgunna dansar (1970) og Nattstill fjord (1973). Han nyttar rim og metrum og svært ulike verseformer. Elementa hav, jord og eld går att i diktinga hans.
Orgland var ein ivrig formidlar av islandsk dikting og kultur. Han gav ut om lag 20 bøker med gjendiktingar til nynorsk av islandsk lyrikk frå mellomalderen til vår tid. For gjendiktingane vart han i 1986 heidra med Bastianprisen. Saman med Frederik Raastad gav han ut Islandsk-norsk ordbok i 1985, og i 1993 Norsk-islandsk ordbok. I 1977 fekk han tildelt storriddarkrossen av Den Islandske Falkeorden.
Anna engasjement
I studietida var han elev av operasongar Sigurd Hoff. Han song tenor i Oslo domkor og Sølvguttene, var solist ved fleire kyrkjekonsertar, og under opphaldet på Island heldt han òg eit par songkonsertar med norsk program for Islands radio.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6: Willy Dahl og Eiliv Eide:
- Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.