Maren er eit kvinnenamn som kan vere dansk form av Marina eller ein eldre danskpåverka skrivemåte av det norske Mari.

Namnedag er 28. februar. Marina og Mira har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Maren

Kulturell bruk

  • Godvakker-Maren i Oskar Braatens drama «Bak høkerens disk» (1918).
  • «Maren Gripes nødvendige ritualer» (1999) av Øystein Lønn.

Kjende personar med namnet Maren

Eit utval personar med namnet Maren, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 788 kvinner i Noreg som hadde Maren som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Maren var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 31 jenter som fekk namnet Maren.

Utvikling i bruk av namnet

Maren og det lydlike Karen var begge populære namn på 1800-talet (Maren på 4. plass 1830–1834), og dei har til dels same kurveprofil med topp tidleg på 1800-talet og langsam tilbakegang til midten av 1900-talet. Frå 1980-åra fekk Maren – i motsetning til Karen – eit oppsving og nådde toppen 1995–1999.

Utvikling i bruk av namnet Maren frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Maren frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Maren på 1800-talet.

Maren var mest brukt i Akershus og Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Maren på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Maren var mest brukt i Akershus og Vestfold.

Historisk bruk av namnet Maren
Historisk bruk av namnet Maren
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg