Ekteskapet mellom Margrete og Eirik framstår som eit typisk fornuftsekteskap med politiske overtonar: Det skulle forsone og løyse dei skotsk-norske motsetningane som hadde utvikla seg frå 1260-åra, da Noreg avstod Sudrøyane og Man. Frå norsk side vart det også lagt vekt på sikringa av Orknøyane og Shetland. Ein forlovingstraktat vart inngått alt i 1280. Året etter stod bryllaupet i Bergen, da Margrete også vart krona til dronning. Vigslemann og koronator var erkebiskop Jon Raude, og eit breitt samansett riksmøte av prelatar og verdslege stormenn utgjorde ramma kring høgtida. Også Margretes følgje av framståande skottar deltok. Ei skotsk krønike fortel at Margrete, saman med venner og slektningar, hadde vore mot ekteskapet, men at faren Aleksander tvinga sin vilje gjennom.
Den traktaten ekteskapet bygde på, vart inngått i Roxburgh 25. juli 1281. Her vart Margretes medgift sett til 14 000 mark sterling. Av dette kunne helvta tilvisast i jordegodsinntekter i Skottland, noko som også vart gjort. Det var særleg forståinga av denne avtaledelen, og utbetalinga av stipulerte godsinntekter, som seinare valda langvarig og bitter strid mellom Noreg og Skottland. I Noreg fekk Margrete som morgongåve jordegodsinntekter av 1400 markebol (jordeiendom tilsvarende 1400 mark i landskyld). Elles hadde traktaten ein viktig og lagnadstung paragraf om at Margrete og hennar framtidige barn med kong Eirik hadde full arverett til Skottlands trone og kongelege eigedomar dersom kong Aleksander skulle døy utan nærare legitime arvingar.
Denne situasjonen, som i 1281 måtte fortone seg reint hypotetisk, inntraff ved Aleksander 3.s død i 1286. Det førte til at dronning Margretes og kong Eiriks dotter, jomfru Margrete, i 1289 vart godkjend som kongeriket Skottlands dronning og arving. Margrete Aleksandersdotters korte funksjonstid som dronning i Noreg fekk dermed store konsekvensar for norsk tronfølgjehistorie, for rekkevidda av norske pengekrav mot Skottland og for norsk utanrikspolitikk meir allment. Det var såleis ein lagnadstung politisk arv ho let etter seg.
Det vel halvtanna året Margrete var norsk dronning, kan ikkje ha vore lett for henne. Som moden og kultivert kvinne vart ho gift med ein gutunge. Ekteskapet vart tidleg fullbyrda; Eirik var ennå ikkje meir enn 14 år da han vart enkemann. Svigermora, enkedronning Ingeborg Eriksdotter, var framleis aktiv og dominerande ved hoffet, og ifølgje ein skotsk kronikør sette ho seg imot at svigerdottera vart krona. Ei anna skotsk krønike gir ei nesten patetisk skildring av korleis Margrete freista å «kultivere» ektemannen ved å lære han engelsk og fransk, og innprente han gode manerar i mat- og klesvegen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.