Starten på den tyske pressehistoria var flygeblada; den første avisa, Leipziger Zeitung, kom i 1660. Gjennom 1700- og 1800-talet voks pressa langsamt fram, heilt til omkring 1800 berre som offisielle meldings- og annonseblad. Pressa var då av lita nyheitsmessig og politisk betydning, og underlagt sensur. Frå denne perioden stammar Hamburgischer Correspondent (1714), Berlin-avisa Vossische Zeitung (namn frå 1751, først som undertittel) og Augsburgische Allgemeine Zeitung (1798).
Fridomskampane etter 1800 gav støyten til livlegare journalistikk; i 1814 vart Rheinischer Merkur grunnlagt i Koblenz, i 1837 Deutsche Allgemeine Zeitung i Leipzig, og i revolusjonsåret 1848 Münchner neueste Nachrichten. Styresmaktene undertrykte framleis politiske meiningsytringar, og perioda under «jernkanslaren» Otto von Bismarck var prega av streng sensur; avisene inneheldt lite politisk stoff. To offentlege pressekontor leverte det meste av «opinions»-stoffet til fleire hundre lokale småaviser. I 1872 grunnla Rudolf Mosse avisa Berliner Tageblatt, som under Theodor Wolffs redaksjon (1906–1933) vart ei av Europas mest innverknadsrike aviser.
Med frambrotet til sosialismen og den skjerpa politiske kampen vart pressa meir differensiert. Enkelte aviser frå åra før første verdskrigen spelte ei stor rolle i historia til den frisinna og uavhengige pressa, mellom anna Frankfurter Zeitung, Berliner Tageblatt, Hamburger Fremdenblatt, Deutsche Allgemeine Zeitung og Kölnische Zeitung. I mellomkrigstida kom mange anerkjende aviser under innverknad av finanskrinsar og ytterleggåande politiske parti. Viktige aviser var Berliner Börsenzeitung (organ for dei tysknasjonale), Vossische Zeitung (liberal), Berliner Morgenpost (venstreorientert), Vorwärts (sosialistisk) og Rote Fahne (kommunistisk). Deutsche Allgemeine Zeitung vart då kontrollert av regjeringa.
Då Adolf Hitler tok over makta i 1933 forsvann all pressefridom. Ei rekkje kjende aviser gjekk inn eller vart stansa, nokre heldt fram som talerøyr for regimet. Hovudorgan for det nasjonalsosialistiske partiet NSDAP var frå 1920 Völkischer Beobachter, som kom ut i München og Berlin, frå 1938 også i Wien. Wolffs nyheitsbyrå vart i 1934 erstatta av Deutsches Nachrichtenbüro. Under andre verdskrigen gjekk mange aviser etter kvart inn, og dei resterande forsvann ved samanbrotet i 1945.
I åra 1945–1949, då Tyskland etter krigstapet var okkupert av dei allierte, kunne aviser berre givast ut med lisens frå okkupasjonsmaktene, men allereie i denne perioden vart det starta fleire aviser som fekk stor utbreiing. I 1949 vart Tyskland delt i Aust-Tyskland (DDR) og Vest-Tyskland. I Vest-Tyskland starta dei nasjonale kvalitetsavisene alle opp i denne perioden, som Frankfurter Allgemeine Zeitung (grunnlagt i 1949), Die Welt (grunnlagt i 1946) og Süddeutsche Zeitung (grunnlagt i 1945).
Utviklinga i vesttysk presse gjekk i retning av ein stadig sterkare konsentrasjon. Den som førte an i denne utviklinga var den tyske pressebaronen Axel Springer. I 1968 vedtok ein statleg kommisjon reglar for kor stor del av marknaden ei enkelt utgivargruppe fekk lov til å kontrollere. På det tidspunktet eigde Springar-gruppa 39 prosent av dagsavisene og 17,5 prosent av vekeblada.
I Aust-Tyskland var pressa kontrollert av dei kommunistiske styresmaktene og politisk einsretta. Den dominerande avisa var Neues Deutschland, Berlin, som var hovudorgan for Det sosialistiske einingspartiet SED (kommunistpartiet). Avisa kom ut etter den tyske gjenforeininga i 1990 som «sosialistisk dagsavis», nært knytt til partiet PDs. Ei av dei tidlegare austtyske avisene som har klart seg best, er Berliner Zeitung, som i 1990 vart overteke av vestlege interesser og fullstendig omlagt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.