Nynorsk barnebokveke var ein festival for barn, arrangert i åra 2012–2019. Med forfattarbesøk og formidling av nynorsk litteratur for barn tok festivalen sikte på å fremje kunnskap om mangfaldet i nynorsk barneboklitteratur.

Programmet vart fordelt på ulike bibliotek i Møre og Romsdal. Festivalen hadde òg ein bokfest for barn på Ivar Aasen-tunet.

Arrangementet var eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkesbibliotek, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) og Nynorsk kultursentrum.

Les meir i Store norske leksikon