Enstad oppnådde maksimal uttrykkskraft ved eit minimum av verkemiddel med sine store menneskehovud av betong, som i ei storlinja form fri for detaljer gav ein monumental effekt. Dette kom til uttrykk i til dømes Borgerskapets diskrete sjarm (1972–1973, Nasjonalmuseet i Oslo). Hovuda i skulpturen blir gjerne tolka som symbol for makthavarar i samfunnet.
Dobbeltheita i Enstads kunst kan verke både humoristisk og truande, og kamp mot einsretting og undertrykking er gjennomgangstema. I sitt biletunivers jobba han med variasjonar over motiv som øglen, og i 1980-åra med samanstillingar av små froskemenn i støypt polyester med våtdrakter og surstoffbehaldarar. Maskeaktige, mimikklause hovud var motiv han stadig vende attende til. Han synte eit kritisk blikk mot maktovergrep, einsretting og framandgjering, noko som vert understreka av dei fleirtydige titlane på mange av arbeida hans. Med ironi og svart humor framstilte han fantasiskapningar og menneskefigurar innesperra i klaustrofobiske drakter eller rom. Enstad sine fotomontasjar skjerper publikums visuelle evne og rykkjer vekk vanlege referanserammer ved overraskande kombinasjonar og dimensjonar.
Eit «gesamtkunstverk» av ei biletbok frå 1997, som tek for seg ein serie av Enstad sine skulpturar, har den ironiske tittelen Den endelege løysinga på skulpturproblemet. Innleiinga er av Jon Hellesnes, og boka inneheld bidrag av Kjartan Fløgstad. Enstad sjølv skreiv etterordet. Han er òg representert med eit essay, «I gamle dagar», om møtet med kunstnaren Konrad Mehus, i ei bok om han frå 2012.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.