Faktaboks

Olav Høyem

Olav Jakobsson Høyem, Olav J. Høyem

Fødd
5. september 1830, Trondheim, Trøndelag
Død
13. februar 1899

Olav Høyem var lærar. Han gav ut skulebøker i si eiga landsmålsform og kjempa for eit skriftspråk som låg nær talemålet i Trøndelag.

Etter lærareksamen frå Klæbu seminar i 1850 arbeidde han som lærar og telegrafist både i Trondheim og Kristiansund, til han i 1864 vart tilsett som setelkontrollør ved Noregs Bank i Trondheim.

Høyem var oppteken av opplysing og ville gjere både verdslege og religiøse emne lettare tilgjengelege for folk. Difor skreiv han mykje i avisene, engasjerte seg for folkehøgskulane og venstrepolitikk og gav ut fleire bøker. Høyem syntest Aasen-målet var for stivt, og han la tekstene sine nærmare den daglege dialektbruken i Trøndelag og på Austlandet.

Dei viktigaste bøkene hans er Barn-lærddomen eller den litle katekjesen (1873) og Den helige saga og kjørkjesaga (1881), Høyem skreiv også bøker som Bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt (1876) og Tysk gjort let ved norsk bygdamål og landsmål (1889).

Les meir i Store norske leksikon