Å gi ein tydeleg lingvistisk definisjon av skilnadene mellom språk og dialekt, er vanskeleg. Det er fordi ein dialekt utgjer eit komplett språksystem og kunne ha vore eit språk. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i reint lingvistiske kriterium, som at varietetane liknar på kvarandre, for å avgjere om noko er to ulike språk eller to dialektar. Det er ikkje berre språklege, men vel så ofte historiske og politiske grunnar til at noko blir rekna som eit eige språk, medan noko anna blir rekna som ein dialekt av eit språk.
Ei løysing kan vere å overlate til eit språksamfunn sjølv å definere om dei snakkar eit særskilt språk eller ein varietet av ein større heilskap, for eksempel når ein ny stat vert danna. Eit eksempel på dette kan vere etableringa av Noreg som stat, som også førte til at språksamfunnet, og då kanskje helst eliten i samfunnet, ønska å erstatte dansk med eit eige norsk språk. Ein slik politisk og kulturell definisjon av eit språk er ikkje uvanleg, sjølv om dette resulterte i ein uvanleg situasjon i Noreg med dei to jamstilte skriftspråka nynorsk og bokmål, som er språkleg sett veldig like kvarandre.
Slike politiske/kulturelle definisjonar kan òg vere problematiske fordi spørsmålet kan utløyse ulike typar av ideologibasert maktutøving. I Søraust-Europa, ikkje minst på Balkan, er det fleire eksempel på at arbeidet med å markere nasjonal og statleg autonomi heng tett i hop med markering av språkleg autonomi. Dette går gjerne på kryss og tvers av det som tidlegare har vore rekna som dialektgrenser. For eksempel har språka serbisk, kroatisk og bosnisk mykje til felles med kvarandre, og med serbokroatisk, som var fellesspråket i det tidlegare Jugoslavia.
Det er vanleg å tenkje at språk er meir ulike kvarandre enn dialektar, og det er lett å tru at dialektar er gjensidig forståelege, medan språk ikkje er det. Til ein viss grad stemmer dette: Dei som skjønar norsk, skjønar dei fleste norske dialektar utan opplæring, men ikkje samisk eller polsk. Men i store delar av verda finst det såkalla dialektkontinuum. Det vil seie at dei språka eller dialektane som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Mellom variantar som ligg eit stykke frå kvarandre på kontinuumet, er det mindre gjensidig forståing. Heilt i ytterkantane av kontinuumet vil ikkje folk forstå kvarandre i det heile.
Eit eksempel på dette er at folk som bur i grenseområda mellom Nederland og Tyskland gjerne forstår dialektane på den andre sida av grensa, medan den gjensidige forståinga mellom ein dialekttalande nederlendar og ein austerrikar truleg er minimal. Mengda av språklege skilnader, men òg kva slags språkformer og språkvarietetar ein er van med å høyre, i kor stor grad ein er eksponert for mykje variasjon, og kva for haldningar ein har til andre varietetar enn sin eigen, kan spele inn på graden av forståing.
Eit anna eksempel på eit slikt kontinuum er det fastlandsnordiske (skandinaviske) dialektkontinuumet, altså det munnlege språket som snakkast i Skandinavia (norsk, svensk (inkludert finlandssvensk) og dansk). Desse er gjensidig forståelege språk, og språkleg sett kunne dei like godt ha vore rekna som dialektar av eitt språk. Opp gjennom historia har statsgrensene endra seg i Skandinavia, og med dette kva som kan reknast som dialektar av kva for eit språk. Skånsk, for eksempel, har skifta status frå å vere rekna som ein dansk dialekt til å bli oppfatta som ein svensk dialekt. I grenseområda mellom Noreg og Sverige er det store likskapar mellom dei lokale dialektane, og det er ikkje alltid slik at ein kan «høyre» kvar riksgrensa går.
Ein kan velje å gjere bruk av administrative grenser for å avgjere om noko er ein dialekt. Sjølv om det ikkje er store ulikskapar eller forståingsproblem i delar av det norsk-svenske grenseområdet, er ein svensk dialekt svensk fordi han sorterer inn under det administrative området (staten) Sverige.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.