Faktaboks

Ragnhild Skoftesdotter
(Ragnhildr Skoptadóttir)
Levetidskommentar
1100-tallet
Verke
Høvdinghustru
Familie

Foreldre: Lendmann Skofte Ogmundsson (ca. 1040–1103); moras namn er ikkje kjent.

Gift med lendmann Dag Eilivsson.

Sonesons dotter til Torberg Arnesson (død ca. 1050); mor til Gregorius Dagsson (død 1161).

Ragnhild Skoftesdotter var ei norsk høvdinghustru. Ho tilhøyrde den mektige GiskeættaSunnmøre.

Familie

Ragnhild blei gift med lendmannen Dag Eilivsson og busette seg på Bratsberg i Telemark. Ho blei mor til Gregorius Dagsson, og fleire av dei andre barna hennar blei inngifta i norske stormannsslekter. Sagaene opplyser at Dag hadde seks born: to gutar, Vatnorm og Gregorius, og fire jenter – Baugeid, Borghild, Sigrid og Gyrid. Ragnhild var nok ikkje mor til alle Dag sine born. Ut frå alderen på den eldste guten, Vatnorm, er det tvilsamt om Ragnhild kan ha vore mora hans. Gregorius var derimot eit felles barn av Ragnhild og Dag.

Ragnhild høyrde til den mektige Giskeætta på Sunnmøre. Faren var lendmann på Giske på slutten av 1000-talet. Han var gift med Gudrun Tordsdotter, men det er uvisst om Gudrun var mor til Ragnhild. Ragnhild blir nemleg ikkje nemnt mellom deira felles born, og ho kan såleis ha vore fødd utanfor ekteskap. Denne påstanden blir styrka av opplysningar om at Ragnhild hadde ei syster, Gyda. Denne systera blir aldri kopla til Skofte eller Giskeætta på noko slag måte, anna enn som Ragnhilds syster.

Ragnhild i sagalitteraturen

Det er sonen Gregorius Dagsson og hans politiske rolle som kastar lys over Ragnhilds posisjon. Ágrip og Morkinskinna inneheld ein tått der mellom anna Ragnhild og syster hennar, Gyda, er viktige aktørar. Historia tek utgangspunkt i ein konflikt mellom Gyda og naboen hennar, Geirstein. Etter lengre tids fiendskap vart Geirstein drepen av Gydas arbeidskar, og ho sende han frå garden i all hast for å verne han mot dei to sønene til Geirstein. Dei var nemleg hirdmenn hos kong Sigurd Munn, og dottera til Geirstein var kongen si frille.

Mot slike mektige fiendar vende Gyda seg til systera og til systersonen Gregorius med bønn om hjelp. Gregorius ville fyrst ikkje ha noko å gjere med heile saka, og hevda at han ikkje var kar til å sloss mot kong Sigurd. Ragnhild pressa på og kravde handling – for å hemne uretten mot frendane deira, og for at Gregorius skulle vise kva han dugde til. Det enda med at ho fekk det som ho ville.

Historia om Gyda, Ragnhild og Gregorius, som elles kan synast lausriven og triviell, har ein heilt klar funksjon i sagaen. Den er ei opptakt til, og ei forklaring på, fiendskapen mellom kong Harald Gilles søner, som braut ut i 1150-åra, og på Gregorius’ lojalitet overfor kong Inge. Som andre «eggande» kvinner i sagaene, blir Ragnhild gjort til formidlar av normer og ideal – sosiale forventningar til Gregorius. Samstundes illustrerer historia eit politisk handlingsrom for kvinner som ofte blir underslått i litteraturen.

Det var ikkje berre Vatnorm og Gregorius i Ragnhilds familie som utmerka seg blant eliten på 1100-talet. Av døtrene vart Borghild gift med Kåre på Austrått, Sigrid med Halldor på Vetteland i Ranrike og Gyrid med Gyrd Åmundesson, fosterbror til kong Inge. Baugeid gjekk i kyrkja si teneste og vart abbedisse for Gimsøy kloster.

Ragnhild er ei av dei mange viktige, men nærast «usynlege» kvinnene i det politiske landskapet på 1100-talet. Som så mange andre kvinner i sagalitteraturen er Ragnhild fyrst og fremst nemnt som dotter, ektefelle og mor til fleire innflytelsesrike stormenn, men historien hennar synleggjer også kvinners makt og innverknad på det politiske livet i mellomalderen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fagrskinna, utgitt ved Finnur Jónsson, København 1932
  • Heimskringla, omsett av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bind 3, 1979
  • Morkinskinna, utgitt ved Finnur Jónsson, København 1902–03
  • B. Sellevold (red.): Fokus på kvinner i middelalderkilder, Skara 1992
  • C. M. Nordal: Kvinner og politikk i borgerkrigstiden, hovudoppgåve UiB, Bergen 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg