Faktaboks

Rolf Groven

Rolf Dagfinn Groven

Fødd
11. mars 1943, Fræna, Møre og Romsdal
Død
26. mars 2025, Oslo
Verke
Biletkunstnar
Familie

Foreldre: fiskar, seinare bygningsarbeidar Harald Groven (1915–1956) og Borghild Sylte (1918–2002).

Gift 1975 med sexolog Gro Isachsen (1953–), ekteskapet oppløyst; sambuar med bioingeniør Anne Karine Thorsrud (1949–).

Rolf Groven var ein norsk målar. Groven nytta kunsten som eit politisk verkemiddel, og måleria hans er ofte kritiske og satiriske kommentarar til fenomen og utviklingstrekk i samtida. Kommentarane hans til norsk og internasjonal politikk, holdt i ein figurativ og nærmast fotorealistisk stil, vart gjennom reproduksjonar og illustrasjonar både kjende og omdiskuterte.

Naturvern, Nei til EF/EU og motstand mot krig og opprusting er sentrale tema. Blant hans mest kjende bilete er Atomgutten (1977), der biletet av ein gut brukt i Ja til EFs valkampanje, vart brukt som hovudmotiv mot ein dyster atomkraftverks-bakgrunn. Oljeferda i Hardanger (1975) er kanskje hans mest kjende verk. Her er det det kjende hardangerlandskapet frå Adolph Tidemand og Hans Gudes Brudeferd i Hardanger som er fylt med dystre samtidselement i staden for det feststemde brurefolket.

Oljeferden i Hardanger

Rolf Groven. Oljeferden i Hardanger, 1975, eit av dei mest kjende bileta hans.

© /KF-arkiv ※ BONO .
Lisens: Vernet verk

Bakgrunn og utdanning

Gi han ei framtid
Rolf Groven, Atomgutten, også kalt Gi han ei framtid, 1977
Gi han ei framtid
© /BONO.
Lisens: Vernet verk

Groven vart fødd i Fræna i Ytre Romsdal som ein av fire sysken. Faren var fiskar og fangstmann i Grovens tidlegaste barndom, seinare bygningsarbeidar. Han omkom i ei arbeidsulukke under oppføringa av Molde sjukehus då Groven var 13 år. Oppvekst i tronge kår og den tragiske døden til faren gjorde at Groven tidleg vart engasjert i religiøse og sosiale forhold, noko som kom til å prege hans framtidige motivval.

Etter examen artium ved Molde gymnas i 1963 byrja Groven å studere arkitekturNTH i Trondheim, og vart utdanna som arkitekt og byplanleggjar ved University of Manchester og NTH (1966–1972). Samstundes studerte han kunst ved Trondheim kunstskule. Der hadde han lærarar som Håkon Bleken, Halvdan Ljøsne, Roar Wold, Lars Tiller og Ramon Isern, alle seinare kjende kunstnarar. Grovens figurative stil vart ikkje alltid møtt med forståing i miljøet, men han vart kjend med Odd Nerdrum, som oppmuntra han til å halde seg til det figurative.

Han verka som arkitekt i Oslo i 1972–1976, og var sidan yrkesaktiv biletkunstnar.

Kunstnar

Groven debuterte på Haustutstillinga i 1971 med Den sixtinske madonna i moderne versjon frå same år. Sidan vart han anteken på Haustutstillinga fleire gonger, men han vart òg refusert fleire gonger, noko han sjølv viste til som eit døme på den motgangen han møtte i etablerte kunstkrinsar. Groven var ein kontroversiell, men òg ein elska kunstnar, som stod fast på det politiske, satiriske og for mange provoserande biletinnhaldet sitt sidan 1970-åra.

Målerier med politisk bodskap

Fleire av bileta hans, som Atomgutten, Oljemaleri (fritt etter Adolph Tidemand og Hans Gude, òg kalla Oljeferda i Hardanger) og Norsk nyromantikk, fekk stor merksemd og vart ståande som symbol på dei politiske hendingane dei er kommentarar til (atomkraft, oljeutvinning og motstand mot EF/EU). Oljeferda i Hardanger viser korleis Groven utnyttar symbolverdien i Tidemand og Gudes Brudeferden i Hardanger for å få fram sin eigen politiske bodskap. Biletet av ein forsøpla norsk fjord er sterkt i seg sjølv, men får verkeleg slagkraft gjennom den medvitne bruken av eit norsk «nasjonalmotiv» som det nasjonalromantiske Brudeferden.

Groven har vore kalla «ein paria i norsk biletkunst». Samstundes vart bileta hans stadig referert i ulike samanhengar, dei vart brukte som illustrasjonar i ei rekkje lærebøker i skuleverket, og mange er gjeve ut som reproduksjonar. Det klare politiske innhaldet gjorde at Grovens kunst vart mykje brukt i politisk propaganda; Atomguten vart i si tid brukt av atomkraftmotstandarar i Tyskland. Eit seinare døme er biletet Borerigg i Lofoten, som i 2005 vart nytta i kampanja til Greenpeace mot oljeutvinning i Lofoten.

Mange knyter nok Groven spesielt til dei tidlegare nemnde bileta frå 1970-åra, men han haldt fram med å måle i same stil gjennom heile karrieren sin. Eit døme er Children of Abraham, som med referansar til italiensk renessansekunst viser Ayatollah Khomeini, Saddam Hussein, Osama bin Laden, Yasser Arafat, Ariel Sharon, George Bush og Tony Blair ved same bord. Ein meir «heimleg» kommentar finn vi i biletet Karbokameratene, som var med i ein biletkonkurranse i NRK og skapte heftig debatt. Biletet viser Erna Solberg, Grete Roede og Fedon Lindberg nakne og smellfeite omgjeve av eit berg med usunn mat. I bakgrunnen aner ein logoen til McDonald's-kjeda.

Grovens posisjon som «outsidar» i det norske etablerte kunstlivet hadde ikkje berre å gjere med innhaldet i bileta, men også biletspråket han nytta. I 1970-åra var Groven ein av fleire som vekte oppsikt på grunn av sin realistiske målemåte, i opposisjon til den etablerte modernismen. Grovens innhaldsmessige snert og postmodernistiske bruk av referansar til kunsthistoria forsterka òg avstanden til modernistane.

Portrett

Groven måla òg bilete utan direkte politisk bodskap, mellom anna fleire portrett, både varme framstillingar av eigen familie og portrett av kjende personar. Eit slåande døme er Anna frå 1976. Biletet er eit betakande portrett av Anna, viss tragiske liv vart kjend gjennom Dagfinn Grønosets bok Anna i øydemarka frå 1972. Biletet er samtidig ein kommentar til Grønosets bøker om vonde kvinnelagnader – eit tidstypisk fenomen som mange vart gripne av, medan andre betrakta det som sosialpornografisk.

Andre kunstformar

Groven var ein aktiv kunstnar, som i tillegg til oljemåleri i stort format òg arbeidde med ulike former for illustrasjonar, både for bøker og tidsskrift. Han laga plateomslag for den samfunnsrefsande rap-gruppa Gatas Parlament, og han hadde oppdrag som scenograf for fleire av dei store teatera i Oslo. Mot slutten av karrieren var Groven oppteken av digital biletbehandling, og han kombinerte ofte fleire teknikkar.

Utstillingar

Groven haldt fleire separatutstillingar og deltok på gruppeutstillingar i inn- og utland. Han er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, universitet, bedrifter, kommunar og fylke. I tilknyting til Bjørnsonfestivalen i 2003 i Molde hadde han ei stor retrospektiv utstilling i heimkommunen. To år seinare stilte han ut over hundre bilete på Sagene i Oslo for å markere 35 år som biletkunstnar.

Om eiga kunstnarrolle uttala Rolf Groven: «Eg lagar ikkje bilete for å provosere, men det blir kanskje oppfatta slik fordi motivvalet mitt ofte er opprivande hendingar i samtida. Skal ein lage ei skildring av ein krig går det det ikkje an å lage eit kosebilete som folk vil pynte stua si med. Skal eg kritisere ei sak eg er djupt usamd i, er det vanskeleg å unngå å hengje ut dei med makt som står bak. Satiren er eit godt våpen ... Eg likar at det blæs litt kring meg. Då har eg den gode kjensla av å leve og at eg gjer nytte for meg.»

Målerier

  • Den sixtinske madonna i moderne versjon, 1971
  • Norsk nyromantikk, 1972
  • Oljemaleri, 1975 (også kalt Oljeferden i Hardanger)
  • Anna, 1976
  • Atomgutten, 1977
  • Children of Abraham, 2003
  • Karbokameratene, 2004
  • Borerigg i Lofoten, 2005

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Rolf Groven

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg