Sjur Røthe er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Voss. Han vart verdsmeister på 30 kilometer skiathlon i Seefeld i 2019 og har to VM-gull i stafett. Totalt vann Røthe seks medaljar i VM. Røthe hadde sin største styrke på lengre distansar i fristil.

Sjur Røthe
Faktaboks
- Fødd
- 2. juli 1988, Voss
Internasjonal karriere
Røthe var ein lovande løpar i junioralder og tok bronsemedalje på 20 kilometer skiathlon i 2007. Han debuterte i verdscupen i mars 2019 og kvalifiserte seg for den første seniormeisterskapen sin i 2011 i Oslo. Der vart han som best nummer 4 på 50 kilometer fristil.
I VM 2013 tok Røthe den første internasjonale seniormedaljen sin med bronse på 30 kilometer skiathlon i Val di Fiemme. Han gjekk òg den tredje etappen på det norske gullaget i stafett. I 2015 fekk Røthe ein niandeplass som best i VM, medan han vart nummer 4 (30 km skiathlon) og 6 (50 km fristil) i VM 2017. Røthe sin siste VM-medalje kom i Planica 2023 med bronse på 30 kilometer skiatlon.
Røthe deltok i OL i Sotsji i 2014 og vart nummer 19 på 30 kilometer skiathlon, hans einaste OL-start.
VM-gull i Seefeld

Røthes største individuelle siger er gullmedaljen på 30 kilometer skiathlon i VM i Seefeld i februar 2019. Han vann eit svært jamt oppgjer med Aleksandr Bolsjunov (sølv) og Martin Johnsrud Sundby (bronse). Seinare gjekk han den tredje etappen på det norske gullaget i stafetten og avslutta sitt hittil beste meisterskap i karrieren med bronse på 50 kilometer fristil.
Framgangen i 2019 kom mellom anna av forbetring av mangeårige ryggplager. Han fekk i 2017 diagnosen Bekhterevs sjukdom.
Verdscupen
Røthe har seks individuelle sigrar i verdscupen. Tre er vunne i Noreg og to i Val di Fiemme, alle i fristil. Den første verdscupsigeren hans kom på 50 kilometer fristil i Holmenkollrennene i 2015. I 2018/2019-sesongen enda han på ein 3. plass samanlagt i verdscupen.
Røthe avslutta sin internasjonale skikarriere våren 2024 etter gjentakande problem med skader og sjukdom.
Noregsmeisterskap
Røthe har totalt vunne 10 individuelle medaljar i NM på ski, derav tre gull. Han vann 10 kilometer klassisk og 50 kilometer fristil i 2018 og 15 kilometer fristil i 2021.
Røthe var særleg kjent for å vere særs god til disponere løpa og hadde oftast svært sterke avslutningar på konkurransane sine. Han er kjent for ein effektiv og svært god teknikk i fristil, og ein god spurt på lange distansar.
Han representerte Voss Idrottslag i sin aktive karriere.
Internasjonale medaljar
VM: 3 gull, 2 bronse
Medalje | Øving | VM |
---|---|---|
Gull | Stafett | Val di Fiemme 2013 |
Gull | 30 km skiatlon | Seefeld 2019 |
Gull | Stafett | Seefeld 2019 |
Bronse | 30 km skiatlon | Planica 2023 |
Bronse | 30 km skiatlon | Val di Fiemme 2013 |
Bronse | 50 km fristil | Seefeld 2019 |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.