Då Harald Hardråde i 1046 kom til Noreg for å krevje sin kongsrett, søkte han opp i Gudbrandsdalen. Her møtte han Tore på Steig, som på det tidspunktet var 15 år gamal. Tore og Harald var syskenborn på morssida, og det vart Tore som gav Harald kongsnamn.
På Opplanda hadde Harald også andre frendar, mellom anna på storgarden Ringnes i Stange, der systera Gunhild var husfrue, gift med den mektige Ketil Kalv. Det er sannsynleg, slik Munch skriv, at hyllinga først skjedde på lokalt ting i Gudbrandsdalen og seinare vart stadfesta på Åkratinget, hovudtinget for Opplanda, der Haralds nevø og medkonge Magnus den gode var til stades. Også på Åkratinget var det Tore som gav Harald kongsnamn, ei ærefull oppgåve for ein 15-åring.
I den følgjande tida, både før og etter at Magnus den gode døydde i 1047, ser det ut til at Tore innordna seg under kongsmakta. Men opplysningar i sagaene tyder på at kong Harald ikkje hadde full tiltru til han, og det er grunn til å feste lit til at han heldt seg borte frå kongens tog til England i 1066 (sjå slaget ved Stamford bridge). Motsetningane vart synlege då Harald Hardråde døydde og dei to sønene hans – Magnus Haraldsson og Olav Kyrre – delte kongsmakta. Magnus, som Harald utpeika til konge før englandstoget, hadde Opplanda som sitt basisområde. Han døydde alt i 1069, og i den korte tida han delte kongsmakta med Olav Kyrre, ser det ut til at han i tillegg fekk tillagt Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Riksdelinga mellom dei to kongane Magnus og Olav avteiknar tydeleg den maktposisjonen Tore hadde, med slektstilknyting til fleire mektige vestlandsætter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.