Australske språk er dei tradisjonelle språka til dei australske urfolka. Då europearane kom til kontinentet på slutten av 1700-talet, fanst det truleg nærmare 500 australske språk, men mange av dei har døydd ut eller står i fare for å døy ut. I dag er under 20 i vanleg bruk. Det er ikkje påvist slektskap med nokon språk utanfor Australia, og det har heller ikkje late seg gjere å samle alle australske språk i éin språkfamilie.
Språka til dei australske urfolka høyrer heime på den australske kontinentet, på øya Tasmania og på øyane i Torressundet mellom Australia og Ny-Guinea. Meriam, språket på dei austlege Torressundøyane, skal vere i slekt med språk på Ny-Guinea og blir ikkje rekna til dei australske språka.
Det har lenge vore vanleg å hevde at det fanst kring 250 australske språk før den europeiske koloniseringa på slutten av 1700-talet, men nye undersøkingar tyder på at talet ligg kring 490.
Klassifiseringa av dei australske språk er sterkt omdiskutert. Dei fleste freistnadene på klassifisering byggjer på ufullstendige data, på metodar som mange lingvistar reknar som tvilsame eller på feilaktige kriterium. Ein av dei fremste ekspertane på australske språk, R.M.W. Dixon, reknar med mellom 30 og 40 australske språkfamiliar – med frå 2 til 17 medlemer – og eit stort tal med språkisolat, det vil seie enkeltspråk som er utan påvist slektskap med andre språk.
I dag snakkar fleire australske urfolk i det nordlege Australia ikkje lenger australske språk, men i staden kriol, eit engelskbasert kreolspråk, som ikkje blir rekna som eit australsk språk slik uttrykket er definert her.
Kommentarar (3)
skreiv julie svenkerud
svarte Georg Kjøll
skreiv julie svenkerud
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.