Hallingmål er ein austnorsk dialekt som blir brukt i Hallingdal. Hallingdal grensar i nord til Valdres, i sør til Numedal og i vest til Indre Sogn og Hardanger. Hallingmålet høyrer til midlandsmåla.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Hallingmål
Målet i Hallingdal har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Det inneber at norrøne fullvokalar (a, u) i Hallingdal er bevart etter gamal kort rotstaving (å fara, ei viku), men er redusert til ein trykklett e etter gamal lang rotstaving (å kaste, ei vise). Etter lang rotstaving som sluttar på palatal konsonant, er norrøn -a blitt til -i, men til -y etter -y- i rotstavinga, f.eks. å læggji, å byggjy.
Hallingmålet har mange trekk felles med valdresmålet, men er forskjellig mellom anna ved at Hallingdal har -i og -u i ord-endingar der Valdres har ‑e og ‑o (Hallingdal: fLeire viku og fLeire bygdi. Valdres: fLeire viko og fLeire bygde).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.