Gjær er ulike mikroskopiske soppartar som spaltar sukker til alkohol og karbondioksid. Gjær blir brukt i baking av mellom anna brød, dessutan i vinlegging og ølbrygging.
Pressgjær
Pressgjær eller fersk gjær er ein plastisk masse som består av gjærceller og om lag 75 prosent vatn. Pressgjær blir nytta ved baking for å få deigen til å heve seg. Hevinga kjem av at karbondioksid blir danna under gjæringa og gir små gasslommer inne i deigen.
Gjær blir mellom anna produsert av ei fortynna løysing av melasse som blir poda med ein kultur av gjærsopp. Stivelse blir tilsett for å gjere den meir haldbar. Pressgjær har avgrensa varigheit og skal oppbevarast kjølig.
Tørrgjær
Tørrgjær er tørka gjær i pulverform med lang haldbarheit. Tørrgjær blir brukt på same måte som pressgjær, men blir gjerne først blanda saman med mjølet, ikkje først saman med væske slik som er vanleg for pressgjær.
Les meir i Store norske leksikon
Nord universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.