Utdrag fra periodesystemet
Gull er det 79. grunnstoffet i periodesystemet. Det har atomnummer 79, atommasse 197,0 og atomsymbol Au.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Gull.
Gull er eit gult og skinande edelmetall. Ettersom det ikkje vert påverka av luft, beheld det glansen.

Gull er eit grunnstoff som er eit gult metall. Gull er lett å jobbe med og finst som reint metall i naturen, ofte i form av mindre partiklar (gullkorn) eller gullårar. Det er eit edelmetall, noko som betyr at det i liten grad blir påverka av luft og vatn.

Faktaboks

Etymologi
frå sanskrit jval, 'å skine'. Au frå latin aurum.
Engelsk namn
gold

Gull er eit symbol på rikdom og makt. Gull blir brukt til smykke og andre dekorative gjenstandar.

Gull er òg ein god leiar for varme og elektrisk straum og blir difor mykje brukt i elektronikk.

Reint gull er så mjukt at det ikkje kan nyttast til verken reiskap eller våpen. Det er dessutan svært tungt. Gull blir difor ofte blanda med andre metall i gullegeringar, for eksempel kvitt gull. Reinleiksgraden til gull har tradisjonelt vorte oppgitt i karat, men i dag oppgir ein det gjerne i promille. På smykke og ringar kan ein ofte sjå eit finleiksmerke som fortel reinleiken.

Gjennom menneskehistoria er det vunne ut rundt 100 000 tonn gull totalt.

Bruk

Smykke og pynt

Gull blir mykje nytta til forgylling, til smykke og i spesielle praktgjenstandar fordi det har ein vakker glans og ikkje blir påverka av fukt eller av skiftande atmosfæriske forhold. Om lag 78 prosent av produksjonen blir brukt til framstilling av smykke, myntar og andre verdigjenstandar.

Gullbarrar

Gullbarrar i Federal Reserve Bank of New York

Sju prosent av den årlege verdsproduksjonen går til gullbarrar. Tidlegare hadde dei ulike landas riksbankar desse som dekning for pengesetlane som var i omløp, men systemet med at pengesetlar kunne løysast inn mot gull er i dag avskaffa.

Før det var pengesetlar som kunne bytast i gull, var det vanleg med gullmyntar.

Prisen til gull er ikkje berre bestemd av kva det kostar å produsere det eller av bruksbehovet, men òg av behovet for investering i usikre tider. Det er fordi gull kan vere eit alternativt verdilager om ein valuta kollapsar. Difor fluktuerer (varierer) prisen.

Vern mot stråling

Gullspeil
Eit speil frå James Webb-teleskopet, dekka av gull.
Av .

Tynne gullfilmar blir nytta som strålingsskjold. Gull reflekterer 97 prosent av strålinga i det infraraude området og dette blir til dømes utnytta i enkelte typar glasvindauge som blir dekte med ein tynn gullfilm.

Elektronikk

Gull.
Gullbelagt kontakt frå ein USB-plugg. Dette er eit svært tynt lag med gull. Gull leier straum godt, vernar mot oksidasjon og gir eit inntrykk av høg kvalitet.

Gull er edelt og reagerer ikkje med luft over tid. Dimed unngår ein overflatebelegg som reduserer kvaliteten på elektronikken. Fordi gull leier varme og elektrisitet godt og er svært inert, blir det brukt som vernande belegg på andre metall, som elektrodemateriale, til leiarar og kontaktar i elektroniske halvleiarkomponentar. Over hundre tonn gull i året blir brukt i elektronikkindustrien. Fordi gull reflekterer infraraud stråling godt, blir det brukt i reflekterande belegg og filmar.

10–15 prosent av produksjonen blir nytta til tannlegeverksemd og andre tekniske formål.

Gullfylling

Gulltann
Tannprotese i gull.

Gull blir nytta i tannfyllingar. Ein nyttar då gull legert med sølv, palladium og små mengder sink.

Annan bruk

Gull blir òg nytta til kjemiske apparat og i glas- og porselensmåleri. Gull er og tillate som fargestoff i kakepynt og likørar, og har da E-nummer E 175.

Førekomst

Gull er eit edelmetall og finst i naturen for det meste i rein (gedigen) form, ofte legert med sølv. Sidan gull er tungt, finst det som små klumpar eller korn i sand og grus, ofte på stader der det er kvartsgangar og kismalm. Det finst òg gullmineral, dei fleste er tellurider, og calaveritt, AuTe2, er det viktigaste.

Gull er eit sjeldan grunnstoff som det finst 0,004 gram per tonn av i jordskorpa. Det gir en konsentrasjon av gull på 4 ppb (delar per milliard). Konsentrasjonar på over 1–2 gram per tonn (1–2 ppm (delar per million)) blir rekna som økonomisk interessante.

Som andre metall er gull også oppløyst i sjøvatn, men med ein svært låg konsentrasjon som gjer det er vanskeleg å vinna ut det. Ulike forsøk på å måla konsentrasjonen av gull har gitt stor spreiing av resultata. Dei fleste anslag ligg mellom 12 ppt (delar per billion) og 10 ppq (delar per billiard). Med det mest konservative anslaget må ein henta ut 100 millionar tonn (0,1 kubikkilometer) vatn for å vinna ut eitt gram gull.

Kvartsgangar

gull i kvarts
Gull kan førekomme i kvarts.
gull i kvarts
Av /Naturhistorisk museum.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hydrotermale kvartsgangar er ofte opprikt på gull. Slike førekomstar er små og smale, men kan ofte vere rike på gull fordi gullet er ujamt fordelt. Gull finst òg langs store regionale skjersoner (sprekkesoner) i fjellkjeder. Dei fleste av førekomstane er avsette lenge etter at bergarten vart danna. Dei kjem frå varme salthaldige løysingar ved 250–350 gradar celsius (°C) og på 8–12 kilometers djupn i jordskorpa. Gull kan òg på grunn av tyngda og si uforanderlegheit bli opprikt i grus og sand i form av små korn eller større klumpar (sjå alluvial).

Førekomstar i Noreg

Dei viktigaste gullførekomstane i Noreg er i kvartsgangar ved Eidsvoll, Bømlo, Svartdal i Telemark og Tosenfjorden i Bindal. Det er truleg ikkje vunne ut meir enn 500 kilogram (kg)gull frå slike kvartsgangar.

I Tana-, Alta- og Reisavassdraga har det vore drive gullvasking i liten målestokk. Den totale produksjonen har sannsynlegvis ikkje vore over 100 kilogram. Det meste er funne i kisgruva Bidjovagge i Finnmark. Her vart det i siste driftperiode 1985–1991 frå 1,95 millionar tonn malm vunnen ut rundt 6200 kg gull og 24 000 tonn kopar. Det gir eit gjennomsnittleg innhald av 3,1 gram gull per tonn. Dei siste par driftsåra fekk gruveselskapet meir betalt for gullet enn for koparen dei vann ut.

Allereie i gammal tid vart det vunne ut litt gull av sølv frå Kongsberg. Den første sendinga gjekk i 1644 frå Kongsberg til København og vart brukt til å prege nokre få dukatar.

I kroppen

Gull har inga biologisk rolle. Både gull og gullsalt er lite giftige sidan dei i liten grad blir tekne opp av kroppen. Kroppen toler gull godt, og det har vorte brukt i tannhelsa i lang tid. Etruskarane nytta gull i tannpleia i åra 1000–400 fvt. Dei nytta gullbruer for å halde kunstige tenner på plass.

Gull er ofte å finne naturleg saman med kvikksølv- eller arsensambindingar, og utvinning av gull kan difor medføre risiko for kvikksølv- eller arsenikkforgiftingar.

Finleiksgrad

Gullstempel 585 på innsiden av gullring

Med gullstempelet 585 garanterer produsenten at ringen har ein finleiksgrad på 58,5 prosent gull. Det finst fleire standardiserte finleiksgradar for gull.

Gullstempel 585
Av /Shutterstock.

Finleiksgraden til gull har tradisjonelt vorte oppgitt i karat. Reint gull er på denne skalaen skildra som 24 karat. Eit gullstykke på 18 karat inneheld 18/24 gull og 6/24 av eit anna metall, typisk sølv og kopar. Desse andre metalla blir tilsette for å gjere gullet hardare.

I dag er det mest vanleg å merke gull med finleiksgradar i tusendelar (promille). Dei vanlegaste reinleiksgradane er:

  • 999 = reint gull = 24 karat
  • 750 = 75,0 prosent = 18 karat
  • 585 = 58,5 prosent = 14 karat

Talet kallast for finleiksmerke.

Legering med andre metall gir moglegheiter til å justere eigenskapane av gullet til det aktuelle bruksområdet, sjå gull-legeringar. Til dømes er reint gull så mjukt at ein ikkje kan lage smykke av det. Ein tilset andre metall, til dømes kopar (Cu), sølv (Ag) og sink (Zn).

14 karats gult gull inneheld 26 prosent kopar, 13 prosent sølv og 3 prosent sink.

Kvitt, raudt og grønt gull

  • 14 karats kvitt gull inneheld 17 prosent kopar og nikkel og 7 prosent sink.
  • 14 karats raudt gull inneheld 28 prosent kopar og 7 prosent sølv og sink.
  • 14 karats grønt gull inneheld 35 prosent sølv, 7 prosent kopar og litt sink.

For å undersøke innhaldet i gull, nyttar ein ulike kjemiske metodar. Sjå gullprøve.

Symbolikk og historie

Øyreringar i gull
Kileinnskriftene på dette paret øyrepynt fortel at smykket var ei gåve frå kong Shulgi, den andre kongen i Ur III-dynastiet, om lag 2000 fvt.
Øyreringar i gull
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Gull var kanskje det fyrste metallet som mennesket kom i kontakt med. Det finst i dei fleste land og gjerne i kvartsrike bergartar. Vi finn difor gullførekomstar i elveleie i store delar av verda. Den store tettleiken fører til at metallet kan vaskast ut av den lettare sanden.

Gull har spelt ei vesentleg rolle i ei lang rekkje sivilisasjonar, både som teikn på rikdom, makt og fullkommenskap og i religiøse framsyningar. Aztekarane såg på gull som det gud skilde ut, medan det for egyptarane var kroppen til gudane. Hos kinesarane symboliserte gull yang (i motsetning til månemetallet sølv, som stod for yin), og dessutan Sola. Også i buddhismen, hinduismen og kristendommen står gull for ljos, men hos dei kristne vekkjer det òg assosiasjonar til avgudsdyrking og syndig interesse for forgjengeleg rikdom, til dømes i historia om dansen rundt gullkalven.

Utsmykking

Kista som Tutankhamon vart lagd i ved hans død i 1350 fvt., var av gull. Mumien vart pynta med Tutankhamons portrett i form av ei gullmaske. Egyptarane fekk gullet sitt frå landet Nubia (litt lengre sør langs Nilen) som farao Thothmes erobra rundt 1450 fvt.

Betalingsmiddel

Gullmyntar
Austromersk gullmynt frå keisar Justin 1. på 500-talet, prega av austrogotarane, reint gull, 2 cm, 4,5 gram.
Gull.
Keltisk gullmynt frå folket ikenarane, frå om lag år 40 fvt. Truleg høgt koparinnhald. Framside og bakside. Storleik: 1,1 cm. Vekt: 1 gram.

Gull vart først brukt som betalingsmiddel i områda rundt elvane Eufrat, Tigris, Nilen og Indus mellom 3000 og 2000 fvt. Omkring år 1100 fvt. nytta kinesarane små gullkvadrat som betalingsmiddel.

I Europa var det grekarane som først brukte myntar laga av ei legering av gull og sølv, det som heiter elektrum. Elektrum fanst i naturlege førekomstar i elva Paktolos i Vesleasia (vestlege delar av Tyrkia). Det var likevel sølv som vart det mest utbreidde myntmetallet i Hellas i klassisk tid. I Makedonia på den andre sida var gullførekomstane større, og Aleksander den store nytta gull-stateren som vog 8,6 gram.

Det romerske imperiet som etter kvart tok over, utvikla eit myntsystem basert på mynt av gull, sølv og kopar. I den seine keisartida vart gull det viktigaste myntmetallet. Det romerske imperiet hadde då invadert Spania og overteke deira store gull- og sølvressursar.

Gullet i Sør-Amerika

Det finst fleire gullgjenstandar frå dei sør-amerikanske Aztekerne og Inkaene. Store delar av desse verdiane vart etter kvart førte til Europa. Dei spanske konkvistadorene plyndra ikkje berre Aztekerne og Inkaene, dei tok òg over gruvedrifta, sjølv om gruvene hovudsakleg inneheldt sølv.

Alkymisme

Evna gull har til å stå ved lag, vart av alkymistane sett på som eit teikn på spirituell reinleik. Kinesiske alkymistar meinte gull kunne forlengje livet. Gull varer jo evig. Alkymistar har difor i alle år prøvde å lage gull frå andre stoff.

Gullrushet i Nord-Amerika

Klondike-gull
Gullgravarar ved Chilkootpasset, mellom Alaska-kysten og Klondike-regionen, 1897.
Av .

I 1848 vart det funne store førekomstar av gull i Sacramento i California og ryktet spreidde seg fort. Distriktet vart dimed invadert av gull-tyrste eventyrarar. Funnet i Sacramento i 1848 vart etterfylgt av det til då største enkeltfunnet av gull i California i 1852 – ein gullklump på 88 kg sprengd ut av kvartsrike bergartar. Seinare kom store funn i Nevada (1859), Colorado (1875), Alaska (1886) og Canada (1896).

Medalje

I dag blir gullmedalje ofte brukt som premie til vinnaren av ein konkurranse, til dømes ein idrettskonkurranse. Andreplass og tredjeplass får høvesvis sølvmedalje og bronsemedalje.

Namn

Gull har fått sitt namn frå sanskrit jval som betyr 'å skine'. Det kjemiske symbolet Au er ei forkorting for latinske aurum som kjem frå Aurora, gudinna til morgonrauden.

Utvinning

Gullvasking

Gullklumpar
Gullklumpar funne i Amerika i 2006.

Den eldste metoden til utvinning av gull er gullvasking. Slikt gull har opphavleg vore innbakt i bergartar. Forvitring bryt ned bergarten og dimed blir gullet frigjort. Regnet skyl gullet med seg, og det endar i sandbotnen av elvane som spring ut frå fjellområda.

I det gamle Egypt vart gullhaldige malmar hogne, knuste og måla til pulver før gullpartiklane vart vaska ut.

Industriell utvinning

Ved industriell gullutvinning har cyanidmetoden (først nytta i Australia i 1886) fått mykje å seie. Her blir gullkonsentratet vaska med cyanidløysing under gjennomblåsing av luft. Då blir gullet løyst som eit cyanidokompleks, som denne reaksjonslikninga viser:

\[\ce{2Au(s) +4CN^{-}(aq) + H2O(l) + \frac{1}{2}O2 -> 2[Au(CN)2]^{-}(aq) + 2OH^{-}(aq)}\]

Her står Au(s) for fast (solid) gull, CN- for cyanid løyst i vatn (aqua), [Au(CN)2]- er cyanidkompleks med ei negativ ladning løyst i vatn og OH- er hydroksidion.

Botnfallet blir fjerna, så blir den reine væskeløysinga tilsett sink. Kompleksa mellom sink og cyanidionene er meir stabile enn dei mellom gull og cyanidionene og dimed fell gullet til botnar i løysinga.

Produksjon

Et landskap med bare grus, steinhauger og ganske flate fjell. Det er veier som går mellom fjellene.

Super Pit Gold Mine er éi av dei største gullgruvene i Australia.

Foto av gullgruve.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Verdsproduksjonen av gull var i 2024 på 3300 tonn. Tidlegare kom mykje frå Afrika, men i dei seinare åra har dei største produsentane vore Kina, Russland, Australia, Canada og USA.

Reservane av gull i verda er berekna til 64 000 tonn. Dei største førekomstane er i Australia og Russland med 12 000 tonn kvar.

Dei største gullførekomstane i verda vart funne i 1886 nær Johannesburg i Sør-Afrika. Gullgruvene høyrer til verdas djupaste. Fleire går ned under 3000 meter – den djupaste er 3700 meter.

I Canada er òg gullførekomstane knytt til prekambriske bergartar av omtrent same alder som i Sør-Afrika. Fleire enn hundre førekomstar har vore i drift langs ein 3000 kilometer lang og fleire hundre kilometer brei sone frå Sudbury (nord for Lake Huron) til Store Slavesjø, der Yellowknife gullgruve vart opna i 1948.

Langs heile den amerikanske vestkysten finst talrike større og mindre gullførekomstar; den største er Mother Lode i California, cirka 150 kilometer aust for San Francisco. Bergartane her består av skifer og grønnstein, gjennomsett av tallause gullførande kvartsårer. Gullmineraliseringa i Cripple Creek i Colorado er knytt til vulkanske gassar og emanasjonar som braut opp sidesteinen og laga eit system av sprekkar og årer av kvarts, dolomitt og fluoritt.

Sverige har hatt ein viss gullproduksjon i samband med foredling av andre malmar. Sjå Boliden AB.

Av dei 140 000 tonn ein meiner har vorte produsert fram til 2002, har truleg 20 000 tonn forsvunne etter industriell bruk. Av dei resterande 120 000 tonn finst 33 000 tonn som gullreservar i bankar (i Fort Knox i USA er det lagra 300 000 gullbarrar, kvar på 14 kg og totalt 4300 tonn), medan den største delen på 87 000 tonn er i privat eige som smykke, myntar og anna.

Attvinning

Sidan moderne elektronikk inneheld gull og andre edle eller sjeldne metall, er gjenvinning viktig. 1 tonn mobiltelefonar inneheld om lag 150 gram gull, men også 100 kilogram kopar og 3 kilogram sølv. I tillegg kan dei innehalde platina, ruthenium, indium, vismut og anna.

Gull, platina, vismut og indium er alle sjeldne metall. Forbruket innan elektronikk har ført til at prisane på desse metalla har stige raskt dei seinare åra; frå 2003 til 2006 steig til dømes indiumprisen med 900 prosent.

Kjemiske eigenskapar

Valset gull

Ein gullklump på 5 millimeter har vorte valsa ut til ein halv kvadratmeter.

Valset gull
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Gull er det einaste grunnstoffet som er eit gult metall. Fargen kjem av at metallet absorberer noko blått lys. Det kan forklarast på grunnlag av berekningar som tek omsyn til relativistiske effektar.

Gull er mjukt (duktilt) og kan valsast til folie eller blad som er berre 0,0001 millimeter tjukke, og det kan trekkjast i trådar med ei lengd på 3000 meter per gram. Gull er ein særs god leiar for varme og elektrisitet.

Gull reagerer verken med vanlege syrer eller basar. Det løyser seg i kongevatn, klorvatn og i cyanidløysingar som inneheld eit oksidasjonsmiddel som til dømes oksygen.

I nyare tid er det laga ulike nanopartiklar med gullatom som ein viktig del. Ein har òg vorte klar over at gamle, raude glasvindauge har fargen sin frå nanopartiklar av gull.

Oppløysing med kongevatn

Kongevatn
Tre bilete som syner oppløysing av gull i kongevatn.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Gull blir løyst i kongevatn som er ein gulbrun, svært aggressiv væske. Ho består av éin del konsentrert salpetersyre og tre deler konsentrert saltsyre. Sidan denne blandinga kan løyse opp det «kongelege» edelmetallet gull, fekk det namnet aqua regis, 'kongevatn'. Det er blandinga av ei oksiderande syre (salpetersyra) og ei ikkje-oksiderande syre (saltsyra) som fører til at det blir laga komplekssambindingar som gjer væska svært så aggressiv og som fører til at gull blir løyst:

\[\ce{Au + 3NO3^{-} + 6H+ -> Au^{3+} + 3NO2(g) + 3H2O}\]

\[\ce{Au^{3+} + 4Cl^{-} -> AuCl4^{-}}\]

Gullsambindingar

Gull dannar kjemiske samband med oksidasjonstal +1, +2 og +3. +3 er det viktigaste. Gull dannar lett kompleks i vatn der det kan ha oksidasjonstal frå −1 til +5. Eksempel på slike kompleks er dicyanidoaurat(I)-ionet [Au(CN)2] og tetrakloridoaurationet [AuCl4].

Dei einaste naturleg førekommande gullsambanda er sambindingar med tellur (Te) som calaveritt, AuTe2, penzitt, (Au,Ag)2Te, og sylvanitt, (Au,Ag)Te2.

Isotopar

Det er berre éin stabil isotop av gull: 197Au.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Smeltepunkt
1064,43 °C
Kokepunkt
2807 °C
Massetettheit

19,32 g/cm3

Oksidasjontal
-I, 0, I, II, III, V
Elektronkonfigurasjon

[Xe]4f145d106s1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg