Hemlokkslekta er ei slekt av bartre i furufamilien. Hemlokk liknar gran, men nålene har skaft og sit på små puter. I granslekta er nålene utan skaft og sit på tydelegare tappforma puter. Frøkonglene er mindre enn 3,5 centimeter, medan dei hos slekta gran er meir enn 5 centimeter. Unntaket er fjellhemlokk som har 3–5,5 centimeter lange kongler.
Faktaboks
- Etymologi
- Hemlock er det engelske namnet på skjermplanten giftkjeks (Conium maculatum). Da engelske nybyggjarar i Nord-Amerika oppdaga at bartreet hadde giftig bar, overførte dei namnet til dette treslaget. Hemlokkslekta blir no i engelskspråklege floraer kalla hemlock-spruce. Tsuga er ein transkripsjon av det japanske namnet på slekta.
- Også kjend som
- hemlokkgran hemlock(gran)
- Vitskapeleg namn
- Tsuga
- Beskriven av
- (Antoine) Carrière
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.