Inuittisk er eit språk i den eskimoiske greina av den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Det blir snakka av inuittar i Alaska, Canada og på Grønland.
Inuittisk blir tala av kring 100 000 menneske over eit område som strekkjer seg over 6500 kilometer frå Beringsundet mellom Sibir og Alaska i vest til Danmarkssundet mellom Grønland og Island i aust. Den nordlegaste inuittiske busetnaden er Thule (Avannarsuaq) på Nordvest-Grønland på 78° nord og den sørlegaste, 3000 kilometer lenger sør, er byen Happy Valley i Labrador på 53° 15' nord. Dialektane over heile dette området er innbyrdes forståelege.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.