Fleirspråklege personar kan veksle mellom ulike språk når dei snakkar med nokon andre som også kan dei same språka som dei sjølve. For eksempel kan personar med polsk bakgrunn som bur i Noreg veksle mellom polsk og norsk i samtale med andre som har same kombinasjon av språk i sitt repertoar. Kodevekslinga kan her gi uttrykk for at ein har ein felles identitet som polsk-norsk.
I slike samtalar mellom fleirspråklege kan det også vere emnet for samtalen som motiverer kodevekslinga: Kanskje ein føretrekker å bruke eitt av språka sine om eit bestemt tema, og kodevekslar når ein skiftar tema. Eit utbreidd eksempel på dette er at fleirspråklege barn og foreldre ofte føretrekk å snakke på norsk når temaet er skule, og så brukar dei heimespråket når dei snakkar om andre tema. (Eksempel frå (palestinsk) arabisk-norsk: «Habibti, inti jahiza li-turdag med klassen bukra?», omsett: «Skatten min, er du klar for turdag med klassen i morgon?».) Eit anna eksempel er at det vil vere naturleg for fleirspråklege å skyte inn eit norsk ord i ei ytring på eit anna språk dersom ein opplever at det norske ordet fungerer best for å beskrive det ein snakkar om. (Eksempel frå litauisk-norsk: «Važiuojam į hyttą savaitgalį?», omsett: «Skal vi på hytta i helga?».) Vekslinga mellom språka kan også vere motivert av kva talaren føler er mest passande for å uttrykke kjensler eller å appellere til mottakaren. (Eksempel frå (palestinsk) arabisk-norsk: «Baba, momkin tjibna min al-bussterminal? Bussen går ikkje før om ein time wa ihna ktir kald!», omsett: «Pappa, kan du hente oss på bussterminalen? Bussen går ikkje før om en time og vi er kjempekalde.»)
Kodeveksling treng ikkje å vere motivert av samtalepartnaren sin språkbakgrunn eller at dei som snakkar samen har eitt (eller fleire) felles språk i tillegg til majoritetsspråket. Mange nordmenn legg inn ord eller heile setningar frå engelsk i elles norske samtalar for å framheve noko. (Eksempel: «Eg var heilt sånn: Wow! You rule!») Kodeveksling mellom norsk og engelsk er også eit utbreidd fenomen i ulike subkulturar, for eksempel i dataspel-miljøet (Eksempel: «Kom med offers!»). Her kan føremålet med kodevekslinga både vere å vise ein felles gruppeidentitet, å markere tilhøyrsle til eit større internasjonalt miljø, eller å bruke ord og uttrykk som ein ikkje har gode omsetjingar av på norsk. Her er det ikkje klare grenser mellom kva som reknast som kodeveksling og kva som er bruk av engelske lånord.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.