Dernest har vi Fagrskinna, som vart til i Noreg kort tid etter Morkinskinna. Denne kompilasjonen ligg nærast Heimskringla både i tid og i emne: Fagrskinna byrjar med Halvdan Svarte og går heilt fram til Magnus Erlingsson, men har til skilnad frå Heimskringla ingenting om tida føre Halvdan Svarte.
Fagerskinna er ikkje særleg original, og kompilatoren har stort sett kopiert og redigert eksisterande tekstar. Det største framsteget er samansetjinga av stoffet. Emnevalet er også noko annleis enn tidlegare; kompilatoren er glad i slagscener og lagar lange skildringar av dei, men det mest berømte slaget av alle, slaget på Stiklestad, er heilt oversett.
I Fagrskinna er kjeldene kritisk behandla. Legender og overnaturlege skildringar er stort sett utelatne, og forteljinga går frå den eine til den andre kjelda, alt etter som kor mykje framstillingane der er til å stole på. Skaldedikta er spesielt godt utnytta som kjelde, og dei blir brukte til å kjeldefeste forteljinga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.