Kurmandsji er eit kurdisk språk som er del av den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Kurmandsji er offisielt språk i kurdiske sjølvstyrte område i Irak og Syria.
Kurmandsji blir talt av 15–17 millionar menneske, dei fleste i Nord-Syria og Søraust-Tyrkia, men òg i Irak, Iran og Armenia. Jesidane snakkar kurmandsji. Det finst kurdiske og jesidiske diasporasamfunn mange stader i verda.
Kumandsji er offisielt språk i tillegg til arabisk i Kurdistan-regionen Nordaust-Irak og i det de facto sjølvstyrte området Den demokratiske føderasjonen i Nord-Syria, i tillegg til arabisk og arameisk. Det har status som minoritetsspråk i Armenia.
På kurmandsji heiter ein kurdar Kurd, kurdî 'kurdisk', kurmanci 'kurmandsji', Kurdistan 'Kurdistan'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.