Mediopassiv er namnet på ei verbform som uttrykkjer både medium og passiv – som om vi på norsk hadde ei verbform som betydde både 'eg vaskar meg' (medium) og 'eg blir vaska' (passiv).

Faktaboks

Uttale

m'edio-passiv

Etymologi

medio- kjem av latin medium 'midten'.

passiv kjem av det latinske verbet patior 'lide, tole'

Medium, passiv er diatesar og står i motsetnad til aktiv.

Mediopassiv i gamalgresk

Mediopassiv finst til dømes i gamalgresk. I tabellen under er ei mediopassiv form jamført med ei aktiv form av verbet loúein λούειν 'vaske':

  • aktiv: loúō λούω 'eg vaskar'
  • mediopassiv: loúomai λούομαι
    • tyding i medium (medial tyding): 'eg vaskar meg'
    • tyding i passiv (passiv tyding): 'eg blir vaska'

Eit verb med medial tyding beskriv ei handling som subjektet (agens) utfører på seg sjølv eller til fordel for seg sjølv, men eit verb med passiv tyding beskriv ei handling som subjektet (patiens) blir utsett for.

I aorist (preteritum perfektiv) og futurum er formene i medium og passiv forskjellige i gamalgresk.

Mediopassiv i norrønt

Norrøne verb som i infinitiv endar på -sk, blir omtala som mediopassive. Det er oftast slik at nokre verb påp -sk er mediale (uttrykkjer medium) medan andre er passive (uttrykkjer passiv):

  • medium: setjask 'setje seg'
  • passiv: byggjask 'bli bygd, byggjast'

Suffikset -sk er ei redusert utgåve av det refleksive pronomenet sik 'seg', slik at setjask og byggjask er samantrekkingar av eldre setja sik og byggja sik. Den mediale tydinga er i norrønt eldre enn den passive, og den passive tydinga var enno mindre vanleg enn den mediale. I moderne norsk er derimot den passive tydinga dominerande, og både setjast og byggjast har passiv tyding. Den mediale tydinga må uttrykkjast med refleksivt pronomen, det vil seie setje seg.

Deponens

Dersom eit mediopassivt verb manglar aktive former, seier ein at det er deponent. Deponente verb har normalt aktiv tyding, ikkje medial eller passiv tyding. Eit døme er gamalgresk érkhomai ἔρχομαι 'eg kjem, eg går'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg