Parkslirekne er ei fleirårig urt i slireknefamilien. Planta blir ein til tre meter høg og har kraftige røter og grove stenglar med store blad. Parkslirekne er vanleg i Sør-Noreg. Planta er ein invaderande art som er vanskeleg å bekjempe fordi ho formeirar seg med kraftige jordstenglar.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Reynoutria japonica
- Beskriven av
- Maarten Houttuyn
- Framandartstatus i Noreg
- SE – Svært høy risiko
Parkslirekne er oppført på framandartlista til Artsdatabanken i kategorien svært høg risiko. Planta er forbudt å innføre, plante, kjøpe og selje i Noreg. Det er også forbudt å utilsikta spreie planta.
Kommentarar (2)
skreiv Sverre Olav Lundal
svarte Unni Vik
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.