Purpurfink er ein middels stor sporvefugl i finkefamilien og har naturleg utbreiing i Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Haemorhous purpureus
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Som vaksen veg fuglen rundt 25 gram.
Arten er knytt til boreal og temperert skog, jordbruksland og urbane område.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.
Purpurfink lever vanlegvis i rundt tolv år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.