Veglova er ei norsk lov som regulerer tilhøva for veginfrastrukturen i Noreg. Den definerer korleis skiljet mellom offentlege og private vegar skal gjerast, og fastset kva for vegar som skal forsørgjast på ulike administrative plan; som riksvegar, fylkesvegar eller kommunale vegar.
Faktaboks
- Fullt namn
- lov om vegar
- Kortnamn
- veglova
- Forkorting
- vegl
- Tredd i kraft
- 01.01.1964
- Lovdata-ID
- NL/lov/1963-06-21-23
Formålet til lova er å gi rammer for vedlikehald og tilsyn i tillegg til å fastsette sentrale tilsynsmyndigheiter. Den heimlar også eigedomsinngrep i tilfelle dette er naudsynt av omsyn til bygging, utbetring eller vedlikehald av veg. Lova har også eit tett forhold til plan- og bygningslova, og inneheld særskilte bestemmingar som regulerer korleis regelkollisjon mellom lokale reguleringsplanar og andre avgjerder om vegdisponeringar skal løysast.
Bakgrunnen for lova var at det i etterkrigstida var fleire som fekk bil og at ein fekk fleire større trafikkårar gjennom byane, noko som førte til eit større behov for sentralisert styring av vegane, på tvers av reguleringa i kommunar og fylke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.