Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 30, 2013
Stavanger er ein by i Rogaland fylke og administrasjonssenteret i Stavanger kommune. Byen ligg på vestsida av munningen til Gandsfjorden og femner i tillegg øyane nord for munningen. I nyare tider er han kalla «oljehovudstaden» i Noreg, og Statoil har hovudkontor på Forus ved byen.
Stavanger er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Rogaland. Byen er bispedøme. Av statlege og halvstatlege institusjonar i byen kan nemnast Statsarkivet i Stavanger, Oljedirektoratet, Statoil, ei avdeling av Noregs Bank og Noregs sjøkartverk, avdeling av Statens kartverk. Universitetet i Stavanger blei oppretta i 2005 med tre fakultet for teknisk-naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Sørlandsbanen ender ved Stavanger og derfrå går det ei rekkje båtsamband nordover mot Ryfylke og Haugalandet med Haugesund i tillegg til Sunnhordland og Bergen. Stavanger lufthamn, Sola er ei internasjonal lufthamn som ligg 13 kilometer sørvest for bysenteret.
Byen utgjer saman med Sandnes, Sola og Randaberg ein samla folkemasse på 201 353, og Stavanger/Sandnes er landets tredje største tettstad. Les meir …