En lysende julestjerne i et vindu. Rundt vinduet er det pyntet med julelys.

Mange hengjer opp adventsstjerne i vindauget før jul. Stjernen er eit symbol på stjerna som viste veg til der Jesus vart fødd.

Foto av julestjerne.
Av /NTB.

Advent er ein periode på minst fire veker før julaftan, 24. desember. Advent markerer ventetida fram til jul.

Ortodokse kyrkjer bruker ein annan kalender enn vanleg i Noreg. Julaftnane deira blir difor feira 6. januar.

I adventstida får nokon julekalender, mange heng opp julestjerne i vindauget, og det er juleprogram på TV.

Fyrste sundag i advent er alltid fire sundagar før fyrste juledag. Fyrste juledag er 25. desember, som i kristendomen er ei feiring av då Jesus vart fødd. Advent er starten på det kristne kyrkjeåret.

Julekalender

tre små dukker som sitter rundt en sjokoladekalender de har åpnet nesten alle lukene i. De har røde klær og ser ut som små nisser.

På 2000-talet har rampenissen blitt ein populær figur i adventstida. Rampenissen kjem opphavleg frå ei barnebok som vart skriven i 2004. Boka handlar om ein alv som vart send av garde til ulike heimar for å fortelje nissen om barna oppførte seg bra eller dårleg. Sjølv gjer rampenissen mange rampete ting medan familien søv. Her har tre rampenissar opna mest alle lukene i julekalenderen lenge før julaftan!

Foto av rampenisse.
Av .

Mange barn, og nokon vaksne, har julekalender, eller adventskalender. Kalenderen har 24 luker eller pakkar, ein for kvar dag i desember, fram til julaftan. Ein kan kjøpe julekalender, eller lage han sjølv. Det vart vanleg i Noreg med julekalender etter andre verdskrigen. Ideen om julekalender kjem frå Tyskland.

Det er òg julekalendrar på TV og som podkast. Dette er seriar med 24 episodar, og det blir sendt éin episode kvar dag i adventen.

Symbol og tradisjonar

Det er mange ulike tradisjonar og symbol som høyrer til adventstida:

  • Adventsstake er ein lysestake med fire lys. Det blir tent eitt nytt lys kvar sundag slik at alle fire lysa er tent på den fjerde sundagen. Nokon framfører ein song eller eit dikt når dei tenner lysa.
  • Adventsstjerne i vindauget er eit symbol frå juleevangeliet i Bibelen. Der viser julestjerna vegen til Jesusbarnet.
  • Adventskrans består av grøne blad eller greinar med lilla eller raud sløyfe.

Rampenisse

I mange familiar med barn har rampenissen blitt populær. Rampenissen er ein liten alvefigur som flyttar inn til familien 1. desember. Kvar dag i advent vaknar barna i familien til at rampenissen har gjort nye rampestrekar.

Faste

en prest med hvit kappe og lilla bånd rundt halsen står i et kirkerom. Tre barn, to gutter og ei jente, står ved en adventsstake. Gutten i midten tenner to lys.

I kyrkja er lilla fargen for advent. På biletet blir adventsstaken tend. Det er ein lysestake med fire lys, eitt for kvar sundag fram til julaftan.

Foto av skulegudstjeneste i Leinstrand kyrkje
Av /NTB.

Advent er på ulike vis fastetid i Den katolske kyrkja og ortodokse kyrkjer. I protestantiske kyrkjer er det ikkje religiøs plikt å faste før jul, men i nokre protestantiske miljø fastar dei likevel.

I kyrkja er fargen lilla eit symbol på faste. Lilla farge blir brukt i kyrkjene i adventstida på grunn av denne tradisjonen. Det er òg vanleg å pynte med lilla heime når det er advent.

I Noreg i gamle dagar var det vanleg å ete lite mat og lite feitt i vekene før jul.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Berit S. Thorbjørnsrud
Professor, Universitetet i Oslo