Asalapodja
Utsjånad
Asalapodja eller dhamma-dagen[1] er ei theravada-buddhistisk høgtid til minne om Buddha si første preike om den gylne middelvegen. Preika skal ha vore halden i parken Sarnath i Varanasi, og markerer byrjinga på sanghaen, den buddhistiske «samlinga» eller «samfunnet» av asketar eller truande. Dagen kan markerast ved å gje offer i buddhisttempel og høyra preiker.
Asalapodja fell på den femtande dagen for den veksande månen i den åttande månaden. I vestleg tidsrekning vil dette ofte vera i juli. Dagen er ein uposatha, kviledag. I Thailand er han ein offentleg høgtidsdag.
Dagen etter asalapodja tek tilbaketrekkingstida vassa til.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Roger Whiting, Religions for today. Nelson Thornes, 1991
- Denne artikkelen bygger på «Asalapuja» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2009.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Høgtida kan også kallast dhammacakka-dagen eller asalhapodja. Engelske skrivemåtar av «podja» kan vera puja og pooja.