Hopp til innhald

Brudespore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brudespore

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Gymnadenia
Art: G. conopsea
Vitskapleg namn
Gymnadenia conopsea
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: alkalisk jord
Utbreiing: Eurasia

Brudespore (Gymnadenia conopsea) eller engbrudespore er ei plantebrudesporeslekta Gymnadeniaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Brudespore er ei høgreist plante som kan blir opp mot 50 centimeter høg. Planta har eit aks med blomar som kan variere i farge frå rosaraud til kvit. Leppa er utan teikningar.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Brudespore var tidlegare delt inn i to underartar, nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea, kalla engbrudespore, og underarten G. conopsea ssp. densiflora, kalla praktbrudespore. I samband med raudlistevurderinga i 2021 blei dei to underartane vurderte til å være separate artar i brudesporeslekta.[2][3][4][5] Brudespore er no den normerte nemninga for arten G. conopsea,[1] men han blir òg omtalt som engbrudespore. Praktbrudespore er namn på arten G. densiflora, som står på raudlista som nær truga (NT).[6]

Det har òg vore diskutert om svartkurle (Nigritella nigra) skal inlemmast i brudesporeslekta, slik det er gjort i mange klassifiseringer, mellom anna i Sverige, men ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta Nigritella som ei eiga slekt.[2][5]

Suomen Lajitietokeskus (Finlands Artdatacenter) oppgir desse underartane i Finland:[7]

  • nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea (finsk namn ahokirkiruoho)[8] med varietetane
    • G. conopsea ssp. conopsea var. conopsea (finsk namn rusokirkiruoho)[9]
    • G. conopsea ssp. conopsea var. scitula (finsk namn valkokirkiruoho)[10]
  • G. conopsea ssp. alpina (finsk namn lettokirkiruoho)[11]

Brudespore treng kalk i jorda, men kan elles vekse både i skog, på myr og i fjellet, og han er utbreidd over det meste av landet.[12] I raudlistevurderinga (2021) blir brudespore rekna som livskraftig (LC).[2]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn brudsporre),[13] i Danmark (sjælden, dansk namn langakset trådspore)[14] og i Finland (VU, finsk namn punakirkiruoho),[15] alle stader rekna som underart.

Brudespore (engelsk namn common fragrant orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[16][17] på same måte som lokalt i England og Wales,[18][19] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[20]

I Estland (estisk namn harilik käoraamat) veks brudespore over det meste av landet og er rekna som livskraftig (LC).[21] I Latvia (latvisk namn odu gimnadēnija)[22] veks arten over det meste av landet på fuktig mark. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas).[23] I Litauen (litauisk namn pievinis plauretis) finst arten spreidd over det meste av landet, mest i nord og aust. Han er rekna som sårbar (VU).[24][25]

I Benelux er arten (nederlandsk namn grote muggenorchis, fransk namn orchis moucheron) i sterk tilbakegang i Nederland og finst no mest i Limburg. I Flandern i Belgia finst han berre få spreidde stader, medan han i Vallonia er vanlegare i Ardennane.[26][27] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[28] I Belgia er han òg rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern, men sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[29][30] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[31]

Hybriden mellom brudespore og duftspore (Gymnadenia conopsea × odoratissima eller Gymnadenia ×intermedia)[32] har vore registrert i Sverige.[33] Dei tre taksona i brudesporeslekta på Dei britiske øyane som no har status som eigne artar, er førebels ikkje så godt kartlagde. Ein reknar med at brudespore dannar hybridar med både praktbrudespore (Gymnadenia conopsea × densiflora) og grannbrudespore (Gymnadenia borealis × conopsea).[34]

Brudespore dannar intergeneriske hybridar (hybrid mellom ulike slekter) med ei lang rekkje artar frå fleire slekter. Hybriden med fjellkvitkurle (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea) er registert nokre stader i Noreg[35] og i Sverige.[36] Hybriden med kvitkurle (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida eller ×Pseudadenia schweinfurthii)[37] er registrert i Sverige[38] og på Dei britiske øyane i Yorkshire og Skottland.[34] I Sverige er brudespore rapportert å kunne danne ein hybrid med nattfiol (og då helst skognattfiol) (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[39] Hybriden med salepsrot (Anacamptis pyramidalis × Gymnadenia conopsea eller ×Gymnanacamptis anacamptis)[40] er observert sporadisk i England.[34]

Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Gymnadenia conopsea) er funne på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms[35] og spreidde stader i Sverige.[41] I Nederland (der som Dactylorhiza maculata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia legrandiana) er han truleg utdøydd.[42] Hybriden med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia heinzeliana)[43] er funnen på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms,[35] spreidde stader i Sverige,[44] på Dei britiske øyane,[34] i Estland[45] i Litauen[24] og i Nederland (der med namnet Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea eller xDactylodenia st-quintinii).[46] Hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothossp. vollmannii)[47] er registrerte i Røros og Hattfjelldal i Noreg,[35] spreidde stader i Sverige[48] og to gonger i Cornwall.[34] I Sverige er òg hybriden med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica)[49] observert.[50] Hybriden med lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia lebrunii)[51] er han funnen i Røros,[35] og han har òg vore registrert i Sverige.[52] På Dei britiske øyane er det òg funne ein intergenerisk hybrid med smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia jacksonii)[53] spreidde stader i England.[34]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Artsdatabanken: Artsopplysningar brudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Raudlista: Engbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre brudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  4. Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution 293 (1-4): 213–226. ISSN 1615-6110. doi:10.1007/s00606-011-0439-x. 
  5. 5,0 5,1 Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018. 
  6. «Raudlista: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  7. Tapani Kettunen og Pertti Uotila (2019). «Morphological variation and a new variety of Gymnadenia conopsea (Orchidaceae) in Finland». Memoranda Soc. Fauna Flora Fennica 95: 89–99. ISSN 1796-9816. 
  8. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022. 
  9. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea var. conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022. 
  10. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea var. scitula». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022. 
  11. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. alpina». LAJI.FI. Henta 1. mars 2022. 
  12. «Artskart: Brudespore, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  13. «Artfakta: Gymnadenia conopsea brudsporre». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  14. «Naturbasen: Langakset Trådspore Gymnadenia conopsea ssp. conopsea». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  15. «LAJI: Gymnadenia conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022. 
  16. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  17. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  18. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  19. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  20. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  21. «eElurikkus: Gymnadenia conopsea» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  22. «Latvijas daba: odu gimnadēnija» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  23. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  24. 24,0 24,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 30-31. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  25. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 406. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  26. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Gymnadenia conopsea». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  27. «Verspreidingskaart: Grote muggenorchis – Gymnadenia conopsea». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  28. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  29. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  30. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  31. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  32. «PoWO: Gymnadenia × intermedia». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  33. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × odoratissima brudsporre × luktsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  36. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea brudsporre × fjällyxne». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  37. «PoWO: × Pseudadenia schweinfurthii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  38. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida brudsporre × vityxne». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  39. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia brudsporre × nattviol». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  40. «PoWO: × Anacamptorchis anacamptis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  41. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × Gymnadenia conopsea Jungfru Marie nycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  42. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia legrandiana». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  43. «PoWO: × Dactylodenia heinzeliana». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  44. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × Gymnadenia conopsea skogsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  45. «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  46. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia st-quintinii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  47. «PoWO: ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. vollmannii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  48. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata × Gymnadenia conopsea ängsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  49. «PoWO: × Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  50. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea blodnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  51. «PoWO: ×Dactylodenia lebrunii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  52. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica × Gymnadenia conopsea sumpnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  53. «PoWO: ×Dactylodenia jacksonii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]