Hopp til innhald

Den filippinske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den filippinske revolusjonen
Himagsikang Pilipino

Stad Filippinane
Resultat Filippinsk siger
Partar
1896–1897
Katipunan
1898
Den fyrste filippinske republikken/den filippinske revolutionære hæren
Det amerikanske flagget
1896–1897
Flagget til Spania Det spanske imperiet
Flagget til Spania Det spanske imperiet
Kommandantar
Supremo:
Andrés Bonifacio (avretta)
(1896–1897)
President:
Emilio Aguinaldo (1897–1898)
Dronning:
Flagget til Spania Maria Kristina
Guvernør-generalar:
Flagget til Spania Ramón Blanco (1896)
Flagget til Spania Camilo de Polavieja (1896–1897)
Flagget til Spania Fernando Primo de Rivera (1897–1898)
Flagget til Spania Basilio Augustín (1898)
Flagget til Spania Fermin Jáudenes (1898)
Flagget til Spania Diego de los Ríos (1898)
Styrkar
40 000–60 000 (1896) filippinske revolusjonære 12 700–17 700 før revolusjonen, rundt 55 000 (30 000 spanske; 25 000 filippinske lojalistar) ki 1898
Tap
Store tap, offisielle tal er ikkje kjende. Store tap, offisielle tal er ikkje kjende.


Monument for slaget ved Imus

Den filippinske revolusjonen (18961898) var det filippinske opprøret mot det spanske styret som førte til at Filippinane utropte seg til ein sjølvstendig stat og Spania gav opp herredømet i landet. Sjølvstendet blei kortvarig, for Spania hadde seld Filippinane til USA ved slutten av 1898, og USA respekterte ikkje det filippinske sjølvstendet.

Uttrykket Den filippinske revolusjonen blir også brukt om kampen leia av det filippinske kommunistpartiet.

Marcelo H. del Pilar

På Filippinane var det mot slutten av 1800-talet aukande uro og fleire mindre oppstandar mot dei spanske koloniherrane. Frå dei framståande filippinarane sine rekker (illustrados) oppstod det ei gruppe som danna propagandastraumdraget. Dei kjempa ikkje for sjølvstende frå Spania, men ønskte likeverd og politiske rettar. Dei tok til orde mot urett utført av kolonistyret, og særleg av dei spanske katolske munkeordenane som virka i landet. Blant propagandistane var Jose Rizal, Marcelo H. del Pilar og Graciano Lopez Jaena. Rizal, den mest kjende av dei, nytta Jesu ord Noli me tangere («røyr meg ikkje», Joh 20,17) i ei bok som fremja nasjonale tema.

Det spanske styret hadde ført til oppstandar heilt sidan 1600-talet. 1872-opprøret i provinsen Cavite var viktig fordi det gjorde særleg stort inntrykk i heile landet. Spanjolane klarde å få slutt på det ved å avrette tre filippinske prestar: Burgos, Gomez og Zamora, som gruppe kalla «Gomburza». Historikarar meiner at desse avrettingane markerer starten på den filippinske revolusjonstida.

La Liga Filipina

[endre | endre wikiteksten]

Den 3. juli 1892 grunnla José Rizal La Liga Filipina (det filippinske forbundet). Blant medlemene var Andres Bonifacio, som skulle bli av avgjerande tyding for den vidare handlinga. Formålet til forbundet var:

  • Å sameine heile øygruppa til ei lik og livsdyktig eining.
  • Gjensidig assistanse i trengsel og naud.
  • Forsvar mot vald og urett.
  • Fremme av danning, jordbruk og handel.
  • Studium og igangsetjing av reformer.

Kvart medlem skulle betale inn ti centavos månadleg til forbundets felleskasse, og kunne ta seg eit symbolsk tilnamn. Pengane skulle nyttast til:

  • Utdanningsstønad til den fattige medlemen eller sonen som viser talent og har arbeidslyst til studium.
  • Stønad for å hjelpe fattige, dersom rettar blir krenkte av ein mektig person.
  • Hjelp til medlemer som lir personleg tap.
  • Lån til medlemer som trenger det til industri eller til jordbruk.
  • Fremme innkjøp av maskiner og etablering av industriar som er nye eller nødvendige for landet.
  • Opne butikkar eller andre verksemder som gagnar medlemene økonomisk.

Gruppa meinte at vegen framover mot likebehandling og reformer var å få Spania til å gjere Filippinane til ein regulær spansk provins, slik at filippinarane blei spanske borgarar.

La Liga Filipina var ei ikkje-valdeleg samanslutning, men spanjolane – som nokså umiddelbart fekk nyss om henne – betrakta henne som farleg. Rizal blei umiddelbart, og i all løyndom, arrestert den 6. juli 1892 og generalguvernør Elogio Despujol fekk han sendt i indre eksil til det fjerne Dapitan på Mindanao.

Då Bonifacio blei klar over at Rizal var blitt bortført, kom han – i motsetning til dei fleste i La Liga – til at Filippinane måtte gjennom ingenting mindre enn ein væpna revolusjon for å vinne sjølvstendet sitt. Den 7. juli 1892 grunnla han derfor Katipunan, eit hemmeleg revolusjonært selskap som var ope både for fattigfolk, bønder og middelklasse. Stiftingsmøtet fann stad i eit hus i Calle Azcarraga (no Claro M. Recto Street) nær Calle Candelaria (no Elcano Street). Blant dei som var tilstades var blant anna Valentin Diaz, Deodato Arellano, Teodoro Plata og Ladislao Diwa.

Namnet Katipunan er kortversjonen av selskapet sitt fullstendige namn på tagalog: Kataastaasang, Kagalanggalangang Katipunan ng mga Anak ng Bayan, eller som Bonifacio sjølv stava det: Kataastaasan Kagalang-galang na. Katipunan nang manga Anak nang Bayan (omtrent: «Den høgaste og mest respektable foreininga av folkets barn»), noko som forklarer forkortinga «KKK». Det skaffa seg innpass i samfunnet ved å etablere kooperative selskap og institusjonar for å fremme de fattiges skolegang.

I eit eggjande essay på tagalog, «Kva filippinarane burde vite», grunngav han kvifor revolusjon var den rette vegen, og skildra korleis spanjolane torturerte og drap filippinske fangar.

KKK nytta seg av frimurarritual for å formidle ein aura av sakral mystikk, hemmelege kodar, passord og dekknamn. F.eks. var Bonifacio Maypag-asa (fullt av håp) og kona Lakangbini gudinna (eller muséet hans). Dei hadde ein rekrutteringsmetode som skulle hindre at medlemsmassen skulle kunne rullast opp, og den omstendelege opptaksprosessen blei avslutta med eit blodritual; dei skreiv namna sine med sitt eige blod i ei bok. KKK hadde tre formål. For det fyrste ville dei frigjere Filippinane frå Spania, med våpenmakt om nødvendig. Medlemene, kalla Katipuneros, fekk våpentrening. Deretter kom eit moralsk formål: Alle menneske var likeverdige, uavhengige av om dei var rike eller fattige. For det tredje, solidariteten med trengande medlemer – sjuke skulle hjelpast, KKK skulle sørgje for at konstnadene for gravferda for fattige medlemer. Dei fleste medlemer var fattigfolk, men det var også framståande middelklassemedlemer som Dr. Pio Valenzuela og Mariano Alvarez. I Katipunan hadde Bonifacio som leier tittelen Supremo.

I 1896 hadde Katipunan vakse til over 30 000 medlemer, og opererte på nasjonalt, provinsielt og kommunalt nivå.

Krigsforløp

[endre | endre wikiteksten]

Revolusjonsutbrotet

[endre | endre wikiteksten]

Fyrst den 19. august 1896 oppdaga spanjolane at Katipunan fanst og planla eit opprør. Det var augustinarpater Mariano Gil, soknepresten i Tondo i Manila, som fekk vite det av ein avhoppar frå KKK Teodoro Patino. Politiet slo til, og ei rekkje filippinarar blei arrestert og fengsla eller skote. Andres Bonifacio og hustrua hans Gregoria gjekk i dekning. KKK blei avslørd før dei eigentleg var klår til å gripe til våpen, men no var det ingen veg tilbake. Bonifacio kom saman med andre Katipunan-leiarar på garden til Juan A. Ramos i Pugadlawin ved Kalookan den 23. august 1896. Dei reiv sund cedulas (bustadsskattekortet sitt), ropte «Lenge leve Filippinane» (The cry of Balintawak) og starta revolusjonen.

Den 30. august fann det første angrepet under revolusjonen stad. Andres Bonifacio og hans beste venn, Emilio Jacinto, angrep med 800 mann eit krutlagar i San Juan del Monte (no San Juan, Metro-Manila). Staden blir i dag kalla Pinaglabanan, «slagfeltet». Dette var eit viktig militært mål, men berre forsvart av 200 menn. Spanjolane trekte seg tilbake til El Deposito, drikkevassdammen for Manilas indre by, Intramuros.

Slaget ved Pinaglabanan og kampar i Caloocan utløyste trefningar på begge sider av Pasig-elva, i Santa Mesa, Pandacan, Pateros, Taguig, San Pedro, Makati, Balik-Balik i Manila-området, og lenger ute i San Francisco dei Malabon, Cavite el Viejo og Noveleta.

Bonifacio rykte fram mot Manila, men blei møtt av ein stor styrke send ut av generalguvernør Ramon Blanco. Bonifacios menn blei trengt tilbake til Mandaluyong; over 150 menn fall og 200 blei tekne til fange. (De leiarane som blei tekne til fange, Sancho Valenzuela, Ramon Peralta, Modesto Sarmiento og Eugenio Silvestre, blei den 6. september skote på Bagumbayanfeltet, som i dag er Luneta Park i Manilas sentrum).

Generalguvernør Blanco hadde øyeblikkeleg erklært krigstilstand i åtte provinsar: Morong (dvs. dagens Metro-Manila og Rizal), Batangas, Bulacan, Cavite, Laguna, Nueva Ecija, Pampanga og Tarlac. Bonifacio var på defensiven, og måtte trekkje styrkane sine opp i fjella bak Marikina.

Fremganger utanfor Manila-avsnittet

[endre | endre wikiteksten]

I Manila og områda umiddelbart nord og aust for byen, dei frontane Bonifacio opererte i, gjekk opprøret dårleg. Det er betegnende at dei filippinarane som var ved denne fronten, og denne fasen av opprøret, og som i dag blir heidra som heltar, primært var offiserar som blei avretta, forutan dei utrøyttelege 84 åra gamle kvinna Melchora Aquino (kalla Tandang Sora) som pleidde dei såra, oppmuntra soldatane med råd og støtta dei med sine bønner. (Spanjolene kom raskt på sporet av henne og sende henne i eksil til Marianas-øyane).

Emilio Aguinaldo, ca. 1898

I august var Emilio Aguinaldo blitt KKKs lokale leiar i Cavite. Styrkane under leiinga hans var langt meir sigersrike enn Bonifacios, og erobra den eine byen etter den andre i provinsen Cavite. Han erobra raskt den spanske guardia civil sin forlegning i heimbyen Cavite el Viejo (31. august), og leia deretter kampane rundt Imus ikkje lagt derfrå. Mariano Alvarez inntok Noveleta den 31. august. Andre militære leiarar gjorde seg bemerka på Cavite-fronten, som Artemio Ricarte, Antonio Luna, Tomas Mascardo, Juan Cailles, Vito Belarmino, Mariano Trias, Marcelino Aure og Edilberto T. Evangelista. Den 5. september vann Aguinaldo (kjend som general Miong blant soldatane sine) over styrkane til den spanske generalen Ernesto Aguirres ved Imus. Spanjolane trudde at nokre avrettingar ville dempe pågangsmotet hos opprørarane, og den 12. september skaut dei 13 filippinarane framføre San Felipe-festninga i Cavite-arsenalet.

I løpet av september kom nesten heile provinsen på filippinske hender.

Den 2. september angrep 2.000 revolucionarios under general Mariano Llanera den spanske garnisonen i San Isidro i provinsen Nueva Ecija. Det var eit flamboyant angrep: Dei revolusjonære begynte framrykkinga med å marsjere med raude banderas ned hovudgatene til musikk av det lokale Cabiao Musikong Bumbong-orkester (eit band med instrument av bambus). Så, væpna berre med bolos og spissa staur gjekk dei til angrep. Dei heldt byen i tre dagar før dei blei tvinga tilbake av spanske forsterkningstropper.

I oktober kom Aguinaldo med ein proklamasjon der han presenterte visjonen sin om eit fritt Filippinane, og retta den ikkje berre til den tagalogtalende befolkning men til filippinarar i heile øygruppa.

Aguinaldos største siger var det tredagars dobbeltslaget ved Binakayan (som då var ein barrio under Cavite el Viejo) og Dahalican (barrio under Noveleta) (over den 11. november 1896), der han nedkjempa generalguvernør Ramon Blancos militærkorps. Dette var det første verkeleg alvorlege nederlaget for spanjolane.

Aguinaldo hadde frå då leiinga av heile opprøret, ettersom styrkane til Bonifacios hadde gøymt seg i fjella ved Marikina.

Avrettinga av Rizal og av andre

[endre | endre wikiteksten]

Då spanjolane den 30. desember 1896 avretta sin fremste fange, Jose Rizal, som de meinte måtte vere opprørets åndelege far og symbolske førar og leiar, fekk opprøret ei ny vitamininnsprøyting. Dette var eit enno større feilgrep enn som så; det var eit feilgrep som spanjolane nærmast hadde anstrengt seg for å få gjort. Generalguvernør Blanco hadde nemleg lauslate Rizal og late han reise frå forvisingsstaden Dapitan på Mindanao til Manila den 1. august 1896. I Manila hadde Rizal takka nei til Bonifacio og andre som ville hjelpe han, og bede om generalguvernørens hjelp til å få plass på fyrste skipstur til Spania. Den 3. september forlét han på skipet Isla dei Panay Filippinane med kurs for Barcelona, med tilrådingsbrev frå guvernør Blanco som bad dei spanske krigs- og utanriksministrar om å ta han vel imot i Spania, og hjelpe han vidare til Cuba der han akta å starte legepraksis. Men det viste seg at Blanco ikkje fekk det som han ville; då skipet kom til Suez venta det eit telegram som beordra Rizal arrestert og ført attende til Filippinane. Den 3. november var han i Manila att og blei heldt fanga i Fort Santiago.

Rettssaka byrja den 3. desember, og få dagar etter mista Rizal den einaste som kunne ha redda han, då generalguvernør Blanco blei avløyst og beordra til Cuba. Den nye generalguvernøren, general Camilo Polavieja, så heilt annleis på Rizal og engasjerte seg med valdsam kraft mot Rizal. Då dødsdomen fall den 26. desember, beordra han den utført så raskt som mogeleg.

Frå no fekk dei revolusjonære eit nytt slagord: Mabuhay Dr. José Rizal!

Spanjolane følgde opp med fleire avrettingar. Den 4. januar 1897 blei ei gruppe på 12 frå landsdelen Bicol skoten (no minna som «Dei tolv Bicol-martyrane»): Domingo Abella, Manuel Abella, fader Gabriel Prieto, fader Severino Diaz, fader Inocencio Herrera, Camilo Jacob, Florencio Lerma, Macario Valentin, Cornelio Mercado, Mariano Melgarejo og Tomas Prieto.

Den 11. januar 1897 skaut spanjolane på same stad der Rizal blei drepen, på Bagumbayanfeltet, ei ny gruppe på 13 fangar, som snart blei omtalte som Trece Martires dei Bagumbayan: Tretten fangar Numeriano Adriano, Geronimo Medina, Jose A. Dizon, Domingo T. Franco, Eustacio Mañalak, Benedicto Nijaga, Ramon Padilla, Braulio Rivera, Francisco L. Roxas, Faustino Villaruel, Moises E. Salvador, Luis Enciso Villareal og Antonio Salazar.

I februar blei enda ei gruppe fangar avretta i Manila.

Rivalisering

[endre | endre wikiteksten]

På ein måte aksentuerte desse avrettingane også kontrasten mellom dei to militære leiarane, i Aguinaldo sin favør. Det oppstod ei rivalisering mellom to fraksjonar innan Katipunan i Cavite, mellom Magdalo-rådet (der Aguinaldo var med) og Magdiwang-rådet, som blei leia av Mariano Alvarez, ein slektning av Bonifacios hustru. Bonifacio blei som Supremo tilkalla for å mekle og avgjere saka.

Den gamle vennskapen mellom Bonifacio og Aguinaldo hadde allereie surna, og det var også eit sterkt element av filippinsk regionalisme med i biletet. Dei to leiarane hadde også avvikande politiske overtydingar. Det gjekk ikkje betre enn at møtet, som blei halden på Aguinaldo sin landstad i Tejeros i Cavite, tok til å drøfte revolusjonens styringsstruktur. Det kom til avstemningar. Nesten alle dei frammøtte var caviteños, den 22. mars 1897 valde dei Aguinaldo til president av den nye revolusjonære regjeringa, mens Bonifacio blei dei facto degradert og fekk ta til takke med stillinga som innanriksdirektør. Aguinaldo sjølv var fråverande då dette skjedde; han kjempa mot spanske styrkar ved Dasmariñas i Cavite.

Medlemer av Magdalo-fraksjonen vidare prøvde å diskreditere Bonifacio som uskikka også til denne stillinga, han var jo utan utdanning. Noko urettferdig var dette openbert; han hadde vore den som omsette Jose Rizals Mi Ultimo Adios frå spansk til tagalog, og hadde forfatta det gripande nasjonalepos Pagibig sa Tinubuang Lupa. Bonifacio erklærte resultata frå Tejeros for ugyldige. Han betrakta framleis seg sjølv som Supremo, og underkjende regjeringsdanninga til Aguinaldo. Han danna deretter si eiga regjering. Neste månad sette han opp ei militærpakt i Naic i Cavite. Den blei underskriven av omkring 40 menn.

Bonifacio blir fanga og avretta av Aguinaldo

[endre | endre wikiteksten]

Deretter trekte Bonifacio og mennene hans opp i innlandet, til barrio Limbon i Indang. Den 26. april 1897 kom to av Aguinaldos offiserar (oberst Agapito Bonzon og Aguinaldos svoger major Jose Ignacio Paua) for å arrestere han. Bonifacio sette seg til motverje. Det enda med at broren hans Ciriaco blei drepen og at han sjølv blei såra i venstre arm og deretter knivstukken i nakken av Paua.

Deretter blei han frakta på båre ned til Naic, som var det nye hovudkvarteret til president Aguinaldo.

Andres Bonifacio, då 34 år gammal, blei deretter stille for militærdomstol i Maragondon, Cavite. Han og broren Procopio blei halde fanga i kyrkja i Maragondon. Han blei skulda for svik og for kuppforsøk. Eitt vitne svor under eid at Bonifactio hadde tilbode han ti peso for å drepe Aguinaldo. Nokre versjonar av rettssaka meiner at Bonifacio ikkje blei gjeve fullt høve til å forsvare seg. Den 8. mai blei han og broren hans dømd til døden. Måndag den 10. mai førte general Lazaro Makapagal og fire soldatar brørne Andres og Procopio opp mot Nagpatongfjellet, og avretta dei.

Revolusjonen i andre landsdelar

[endre | endre wikiteksten]

Også i provinsane Laguna og Batangas var filippinarane like sigerrike som i Cavite. Under leiarar som general Miguel Malvar og Artemio Ricarte, og med helteskikkelser som den kvinnelege generalen Agueda Kahabagan (Henerala Agueda) klarde dei etterkvart å nedkjempe alle spanske stillingar. Den 3. mai 1897 spreidde opprøret seg til provinsen Capiz i Visayas. Dei militære sigrane førte til at dei revolusjonære i andre landsdelar greip til våpen på ny i mai og juni 1897. I provinsane Pangasinen, Tarlac, Pampanga og Nueva Ecija kjempa dei under general Mamerto Natividad, som i november 1897 fall for ei kule frå ein spansk skarpskyttar. Det var også opprør lenger borte i det nordlege Luzon, i Zambales, Ilocos Sur og Ilocos Norte.

Spania gir etter

[endre | endre wikiteksten]

Spania kjempa mot opprørarane både med militærmakt og ved å bestikke opprørsleiarar.

Den 2. november 1897 hadde rettnok dei revolusjonære erklært at Filippinane no var ein sjølvstendig republikk (Biak-då-Bato-republikken), men opprøret hadde tapt framdrift. Ingen av partane syntest å ha krefter til å verkeleg framtvinge ei avgjerd. Men Spania hadde i alle fall ikkje noko moglegheit til å sigre. Stilt overfor dette faktumet bad Spania om fred. I desember kom det til ei forhandlingsløysing. Den 14. desember 1897 underskreiv Aguinaldo og andre opprørsleiarar ei pakt med spanjolane i Biak-na-Bato om å avslutte opprøret og gjekk med på å dra i eksil. På si side forplikta spanjolane seg til å endre lovene og betre filippinaranes kår og medbestemmingsrett: Blant anna skulle filippinarane få plass i det spanske parlamentet og blir innrømt fulle medborgarlege rettar. Dei revolusjonære skulle ta imot ei «skadeserstatning» på 800.000 peso. (Berre halvparten blei utbetalt.) Aguinaldo drog til Hongkong før månaden var ute.

Men ikkje alle revolusjonære hadde vore med på Biak-na-Bato. I februar 1898 raste den ikkje berre vidare på nytt, men spreidde seg til stadig nye delar av landet. Den2. april 1898 blei det opprør i Cebu.

USA går til krig, revolusjonen held fram

[endre | endre wikiteksten]

USA, som nettopp hadde gått til krig mot Spania, såg store fordelar ved at den filippinske revolusjonen heldt fram. Den 19. mai 1898 vende Aguinaldo tilbake frå Hong Kong på det USA-amerikanske skipet McCullough. Fem dagar etter, den 24. mai, danna han ei provisorisk diktatorisk regjering, og den 12. juni proklamerte han Filippinane som fritt og uavhengig land.

I 1898 bringa USA krigen sin mot Spania også til Filippinane. Under den spansk-amerikanske krigen angreip flåten til USA spanjolane i Manilabukta, mens filippinske styrkar under Emilio Aguinaldo rykte fram på land. Spanjolane måtte gje etter.

Den 13. august 1898 marsjerte Aguinaldo og general Arthur MacArthur inn i Manila, og spanjolane gjorde symbolsk motstand i to timar før dei overgav seg. Kapitulasjonserklæringa blei framforhandla og etter få dagar underskriven i San Agustin-kyrkja i Intramuros.

Konstitusjon og regjeringsdanning

[endre | endre wikiteksten]

I september innkalla Aguinaldo til lovgivande kongress i Barasoain-kyrkja i Malolos, i provinsen Bulacan nord for Manila.

Den 17. januar 1899 var revolusjonen også eit faktum på Mindanao; då blei det filippinske flagget heist der for fyrste gong. Den 21. januar promulgerte Aguinaldo Malolos-konstitusjonen, og den 23. januar tiltredde det nye republikanske styret, med Emilio Aguinaldo som president, og hans nære rådgivar sidan juni 1898, Apolinario Mabini som statsminister og utanriksminister.

Ny krig, men no mot USA

[endre | endre wikiteksten]

Stilt overfor det uunngåelege nederlaget mot USA, hadde Spania imens selt Filippinane til USA. Sjølvstendet blei ikkje godteke av USA. Allereie den 4. februar begynte den filippinsk-amerikanske krigen (1899-1901, med spreidde kamphandlingar heilt fram til 1913), som skulle knuse den filippinske republikken og etablere eit kolonistyre under USA.