Hopp til innhald

Falco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falco
Aplomadofalk, Falco femoralis Foto: Elaine R. Wilson
Aplomadofalk, Falco femoralis
Foto: Elaine R. Wilson
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Falconinae
Slekt: Falco
Linnaeus, 1758

Falco er ei biologisk slekt av rovfuglar som er utbreidd på alle kontinenta i verda med i alt ca. 38 artar. Falco femnar om fleirtalet av falkeartane i verda[1] og samtlege falkar utbreidd i Europa.[2]

Vandrefalkar har vorte registrert i 320 km/t under stup, noko som gjer dei til dei snøggaste skapningar ein kjenner.[3] Andre kjente falkar i denne slekta er jaktfalk, slagfalk og dvergfalk. Somme Falco-artar har fellesnamet 'hobby' på engelsk. Hobby er typisk mørke, små falkar med lange smale venger, i Europa representert med arten lerkefalk, Falco subbuteo, engelsk 'Eurasian Hobby'. Ei anna gruppe svevar mykje under jakt og kallast 'kestrel' på engelsk, der tårnfalk og raudfalk er ein typiske artar i Europa, medan sporvefalk, 'American Kestrel' er vidt utbreidd i Amerika. Falco-slekta er ein del av falkefamilien, Falconidae, som òg inkluderer karakaraer, latterfalk, parakittfalk, pygmefalkar, skogfalkar og falkonettar.[1]

Vaksne falkar i denne slekta har tynne koniske venger, som gjer dei i stand til å flyge i høg fart og for å gjere kjappe retningsendringar. Unge falkar i første leveåret har lengre vengefjør, noko som gjer det enklere å flyge medan dei lærer eksepsjonelle dugleikar som blir kravd for å vere effektive jegerar som vaksne. Som for mange andre rovfuglar, har falkar eksepsjonell synsevne. Dugleiken i syn for ein falkeart blei ein gong målt til 2,6 gonger betre enn normalt hos menneske.[4]

Sporvefalk i stup
Foto: Kevin Cole

Falco i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

  • Raudfalk, Falco naumanni, Lesser Kestrel, Fleischer, JG, 1818, (LC)
  • Tårnfalk, Falco tinnunculus, Eurasian Kestrel, Linné, 1758, (LC)
  • Klippefalk, Falco rupicolus, Rock Kestrel, Daudin, 1800
  • Madagaskarfalk, Falco newtoni, Madagascar Kestrel, Gurney Sr, 1863, (LC)
  • Mauritiusfalk, Falco punctatus, Mauritius Kestrel, Temminck, 1821, (EN)
  • Seychellfalk, Falco araeus, Seychelles Kestrel, Oberholser, 1917, (VU)
  • Indonesiafalk, Falco moluccensis, Spotted Kestrel, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Australfalk, Falco cenchroides, Australian Kestrel, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Slettefalk, Falco rupicoloides, Greater Kestrel, Smith, A, 1829, (LC)
  • Sporvefalk, Falco sparverius, American Kestrel, Linné, 1758, (LC)
  • Revefalk, Falco alopex, Fox Kestrel, Heuglin, 1861, (LC)
  • Skiferfalk, Falco ardosiaceus, Gray Kestrel, Vieillot, 1823, (LC)
  • Kvitgumpfalk, Falco dickinsoni, Dickinson's Kestrel, Sclater, 1864, (LC)
  • Gråstripefalk, Falco zoniventris, Banded Kestrel, Peters, W, 1854, (LC)
  • Raudhovudfalk, Falco chicquera, Red-necked Falcon, Daudin, 1800, (NT)
  • Kveldsfalk, Falco vespertinus, Red-footed Falcon, Linné, 1766, (NT)
  • Amurfalk, Falco amurensis, Amur Falcon, Radde, 1863, (LC)
  • Eleonorafalk, Falco eleonorae, Eleonora's Falcon, Géné, 1839, (LC)
  • Sotfalk, Falco concolor, Sooty Falcon, Temminck, 1825, (VU)
  • Dvergfalk, Falco columbarius, Merlin, Linné, 1758, (LC)
  • Lerkefalk, Falco subbuteo, Eurasian Hobby, Linné, 1758, (LC)
  • Termittfalk, Falco cuvierii, African Hobby, Smith, A, 1830, (LC)
  • Libellefalk, Falco severus, Oriental Hobby, Horsfield, 1821, (LC)
  • Eukalyptusfalk, Falco longipennis, Australian Hobby, Swainson, 1838, (LC)
  • Maorifalk, Falco novaeseelandiae, New Zealand Falcon, Gmelin, 1788, (NT)
  • Brunfalk, Falco berigora, Brown Falcon, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Sølvfalk, Falco hypoleucos, Gray Falcon, Gould, 1841, (VU)
  • Svartfalk, Falco subniger, Black Falcon, Gray, 1843, (LC)
  • Aplomadofalk, Falco femoralis, Aplomado Falcon, Temminck, 1822, (LC)
  • Flaggermusfalk, Falco rufigularis, Bat Falcon, Daudin, 1800, (LC)
  • Langtåfalk, Falco deiroleucus, Orange-breasted Falcon, Temminck, 1825, (NT)
  • Slagfalk, Falco biarmicus, Lanner Falcon, Temminck, 1825, (LC)
  • Rajafalk, Falco jugger, Laggar Falcon, Gray, JE, 1834, (NT)
  • Tartarfalk, Falco cherrug, Saker Falcon, Gray, JE, 1834, (EN)
  • Jaktfalk, Falco rusticolus, Gyrfalcon, Linné, 1758, (LC)
  • Vandrefalk, Falco peregrinus, Peregrine Falcon, Tunstall, 1771, (LC)
  • Præriefalk, Falco mexicanus, Prairie Falcon, Schlegel, 1850, (LC)
  • Svalefalk, Falco fasciinucha, Taita Falcon, Reichenow & Neumann, 1895, (VU)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology 
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. Becker, Jonathan J. (1987). «Revision of "Falco" ramenta Wetmore and the Neogene evolution of the Falconidae» (PDF). Auk 104 (2): 270–276. 
  4. Fox, R; Lehmkuhle, S.; Westendorf, D. (1976). «Falcon visual acuity». Science 192 (4236): 263–5. PMID 1257767. doi:10.1126/science.1257767. 
  5. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Falco