Hopp til innhald

Folgefonna nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folgefonna nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommunar Etne, Kvinnherad, Ullensvang
Del av Folgefonna
Areal 545 km²
Oppretta 29. april 2005
Kart
Folgefonna nasjonalpark
60°00′00″N 6°19′59″E / 60°N 6.3330555555556°E / 60; 6.3330555555556
Wikimedia Commons: Folgefonna

Folgefonna nasjonalpark er ein nasjonalpark prega av den tredje største isbreen i Noreg. Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Noregs aller største turistattraksjonar.

Nasjonalparken vart oppretta i 2005 og omfattar areal i Etne, Kvinnherad og Ullensvang i Vestland.

Vern og bruk av parken

[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å:

  • ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med fjell og bre
  • ta vare på verdfull vassdragsnatur
  • sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
  • sikre viktige geologiske førekomstar
  • sikre verdfulle kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]