Jomfruland nasjonalpark
Utsjånad
Jomfruland nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Kragerø | ||
Areal | 117 km² | ||
Oppretta | 16. desember 2016 | ||
Jomfruland nasjonalpark 58°51′54″N 9°35′46″E / 58.865°N 9.5961111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Jomfruland National Park |
Jomfruland nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg på og omkring øyane Jomfruland og Stråholmen i skjergarden i Telemark. 98 % av arealet i nasjonalparken er sjøområde. Parken vart oppretta i 2016 for å ta vare på eit større naturområde med geologisk særpreg med israndavsetningar og biologisk mangfald i sjø og på land med særeigne og representative økosystem og landskap som er utan tyngre naturinngrep.[1][2]
Nasjonalparken dekker eit område på 117 km2 og ligg i Kragerø kommune. Han grensar opp til Stråholmen landskapsvernområde, som vart nyoppretta samtidig med nasjonalparken. Opprettinga kom som følgje av eit lokalt initiativ som starta i 2013.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jomfruland nasjonalpark» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Verneforskriften; regjeringen.no
- ↑ regjeringen.no To nye nasjonalparker er vedtatt på Jomfruland og Raet, pressemelding 16.12.2016
- ↑ Jomfruland nasjonalpark er opprettet Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine.; fylkesmannen.no