Fusa kommune
Fusa kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Adm.senter | Eikelandsosen | ||
Areal | 378 km² | ||
• land | 355 km² | ||
• vatn | 22 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Atle Kvåle (Ap) | ||
Kommunenr. | 1241 | ||
Fusa kommune 60°14′50″N 5°48′26″E / 60.247222222222°N 5.8072222222222°E | |||
Kart som viser Fusa kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Fusa (former municipality) | |||
Nettstad: www.fusa.kommune.no |
Fusa er ein tidlegare norsk kommune som låg i Hordaland fylke, fram til han 1. januar 2020 vart del av Bjørnafjorden kommune.[1]
Kommunen grensa på land til Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og i sjø til Os.
Kommunen hadde om lag 1 400 husstandar. Kommunesenteret var Eikelandsosen. Lokalavisa for området er Os og Fusaposten.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fusa var i perioden frå 1837 til 1854 del av Ous herad saman med Samnanger og Os. Fusa vart skild frå Ous som eigen kommune og eige prestegjeld frå 1855. I 1903 vart Fusa igjen delt i tre kommunar etter kyrkjesoknegrensene. Fusa, Strandvik og Hålandsdal var eigne kommunar i tidsrommet frå 1903 til 1963. I 1964 vart dei tre kommunane samla att. I 2020 vart han slått saman med Os til Bjørnafjorden kommune.[1]
I 2003 vart Kongedømet Fusa utropt som eit kunstprosjekt med ei kroning av kunstnaren Morten Holmefjord som visekonge.
Folketalet auka med 0,6 prosent i 2005.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Leigland bygg er ein fjerde generasjons byggmeister. Leigland bygg AS har om lag 60 tilsette og driv blant anna med ferdighus, elementproduksjon, hovudenterpriser og andre byggmeister-, ingeniør- og arkitekturtenester.
Frank Mohn (Framo, produsent av pumper for offshore og shipping) er ein stor arbeidsgivar.
Eide Fjordbruk er ei tredje generasjons familiebedrift, som driv med matproduksjon av fisk. Eide-familien har tradisjonar frå 1600-talet innan matproduksjon.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for noverande Fusa kommune frå 1920:
1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4][5][6] | 1.1.1961[4][5][6] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3921a | 4018a | 4420a | 4422a | 4201a | 3818 | 3836 | 3721 | 3735 | 3823 |
- a Talet omfattar Bogstrand, som var ein del av gamle Fusa kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Os kommune. Dette omrpdet hadde då 28 innbyggjarar.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengde i Hålandsdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengde i Strandvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengde i Fusa 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fusa kommune Arkivert 2012-02-12 ved Wayback Machine.
- Fusasoga Arkivert 2004-10-15 ved Wayback Machine.
-
Fusavika og Fusa kyrkje
-
Gjønavatnet