Ham i Bibelen
Utsjånad
Ham (hebraisk חָם – Ḥām), i tidlegare bibelomsetjingar også Kam, er ein av sønene til Noah i Bibelen.
Ham var bror til Sem og Jafet.[1] Han var far til Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.[2] Gjennom desse blei han stamfar til fleire folkeslag.
1. Mosebok fortel at Ham fekk sjå faren naken, og fortalde brørne sine om det. Dei dekka til Noah utan å sjå på han. For dette blei sonen til Ham, Kanaan, forbanna.[3]
-
Sem, Ham og Jafet med Noah. Måleri av Giovanni Bellini.
-
Tysk illustrasjon frå Weltchronik (1493) av Hartmann Schedel.
-
Noah forbannar Ham og Kanaan. Illustrasjon av Gustave Doré.