Hopp til innhald

Laura Janda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laura Janda

Fødd23. november 1957
Områdespråkvitskap, slavistikk, semantikk
Yrkelingvist, slavist, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversity of California, Los Angeles
Princeton University

Laura Alexis Janda[1] (fødd 23. november 1957) er ein norsk språkforskar som er professor i russisk ved UiT Noregs arktiske universitet. Produksjonen hennar som lingvist omfattar talrike bøker, tidsskriftartiklar og føredrag, primært om slavisk, men også om samiske språk.

Ho er master i slavisk lingvistikk frå UCLA i 1980 og Ph.D. i same emne frå 1994. Ho har også studert ved Princeton University, der ho gjekk ut i 1979.[2]

Slavisk lingvistikk

[endre | endre wikiteksten]

Som slavist har Janda konsentrert seg om russisk og tsjekkisk, men også publisert komparative studier over morfologi og fonologi for særleg andre sørslaviske språk. Teoretisk har ho konsentrert seg om sentrale tema i slavisk lingvistikk, særleg grenseområdet mellom morfologi og semantikk, verbprefiks og tempusmorfologi, og aspektualitet. Den teoretiske innfallsvinkelen har vore kognitiv grammatikk, samtidig ofte med eit empirisk fundament inspirert av Harald Baayen sin innfallsvinkel til morfologi. Ho har også arbeidd med andre morfologiske tema, t.d. med kasus (jf. Janda og Clancy 2002, 2006). Janda har skrive boka om tsjekkisk i Lincom Europa sin serie av grammatiske handbøker.

Samisk lingvistikk

[endre | endre wikiteksten]

Janda har vore tilsett ved russiskavdelinga ved Institutt for språk og litteratur ved UiT sidan 2008, og har halde fram arbeidet sitt med slavisk lingvistikk. I tillegg har ho også arbeidd med nordsamisk, både med adposisjonar og possessive suffiks.

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Medlemmer | Det Norske Videnskaps-Akademi», www.dnva.no, henta 18. april 2021 
  2. «We are family: Princeton alumni connect across the generations at Reunions», Princeton University (på engelsk), henta 2. november 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]