Laura Janda
Laura Alexis Janda[1] (fødd 23. november 1957) er ein norsk språkforskar som er professor i russisk ved UiT Noregs arktiske universitet. Produksjonen hennar som lingvist omfattar talrike bøker, tidsskriftartiklar og føredrag, primært om slavisk, men også om samiske språk.
Ho er master i slavisk lingvistikk frå UCLA i 1980 og Ph.D. i same emne frå 1994. Ho har også studert ved Princeton University, der ho gjekk ut i 1979.[2]
Slavisk lingvistikk
[endre | endre wikiteksten]Som slavist har Janda konsentrert seg om russisk og tsjekkisk, men også publisert komparative studier over morfologi og fonologi for særleg andre sørslaviske språk. Teoretisk har ho konsentrert seg om sentrale tema i slavisk lingvistikk, særleg grenseområdet mellom morfologi og semantikk, verbprefiks og tempusmorfologi, og aspektualitet. Den teoretiske innfallsvinkelen har vore kognitiv grammatikk, samtidig ofte med eit empirisk fundament inspirert av Harald Baayen sin innfallsvinkel til morfologi. Ho har også arbeidd med andre morfologiske tema, t.d. med kasus (jf. Janda og Clancy 2002, 2006). Janda har skrive boka om tsjekkisk i Lincom Europa sin serie av grammatiske handbøker.
Samisk lingvistikk
[endre | endre wikiteksten]Janda har vore tilsett ved russiskavdelinga ved Institutt for språk og litteratur ved UiT sidan 2008, og har halde fram arbeidet sitt med slavisk lingvistikk. I tillegg har ho også arbeidd med nordsamisk, både med adposisjonar og possessive suffiks.
Bibliografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]- Janda, Laura Alexis 2019: Quantitative perspectives in Cognitive Linguistics. Review of Cognitive Linguistics 2019; Volum 17 (1). ISSN 1877-9751.s 7 - 28.s
- Janda, Laura Alexis; Tyers, Francis Morton. Less is more: why all paradigms are defective, and why that is a good thing. Corpus Linguistics and Linguistic Theory 2018; Volum 14 (2). ISSN 1613-7027.
- Janda, Laura Alexis; Dickey, Stephen M.. Cognitive Linguistics: A Neat Theory for Messy Data. Journal of Slavic Linguistics 2017; Volum 25 (2). ISSN 1068-2090.s 369 - 387.
- Janda, Laura Alexis; Antonsen, Lene; Baal, Berit Anne Bals 2014: A Radial Category Profiling Analysis of North Sámi Ambipositions. High Desert Linguistics Society Proceedings 10(2014)
- Antonsen, Lene 2013: Čállinmeattáhusaid guorran. (English summary: Tracking misspellings.) – Sámi dieđalaš áigečála 2/2013: 7–32.
- Antonsen, Lene og Siri Broch Johansen 2013: Kåfjord samiske språksenter – erfaringer og minner. I: Elfrid Boine, Siri Broch Johansen, Svein Lund, Siv Rasmussen (red): Samisk skolehistorie 6.
- Antonsen, Lene & Laura Janda & Biret Ánne Bals Baal 2012: Njealji davvisámi adposišuvnna geavahus. (English summary: The use of four North Saami adpositions.) – Sámi dieđalaš áigečála 2/2012: 7–38.
- Janda, Laura Alexis 2006; Clancy, Steven. The Case Book for Czech. Slavica Publishers 2006 ISBN 0893573329.
- Janda, Laura Alexis 2002; Clancy, Steven. The Case Book for Russian. Slavica Publishers 2002 ISBN 0893573078.
- Janda, Laura Alexis; Townsend, Charles E.. Czech. Lincom Europa 2000 (125) ISBN 389586465X. ISSN 0940-0788.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Medlemmer | Det Norske Videnskaps-Akademi», www.dnva.no, henta 18. april 2021
- ↑ «We are family: Princeton alumni connect across the generations at Reunions», Princeton University (på engelsk), henta 2. november 2019
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Laura Janda i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin