Leeds United
| |||
Fullt namn | Leeds United Football Club | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | The Whites | ||
Grunnlagd | 1919 | ||
Heimebane | Elland Road (kapasitet: 37 890[1]) | ||
Styreleiar | Andrea Radrizzani | ||
Hovudtrenar | Marcelo Bielsa | ||
Liga | Premier League frå 2021/22 | ||
2020/21 | 9. plass i Football League Championship | ||
| |||
Noverande sesong |
Leeds United Fotball Club (før Leeds United Association Football Club) er ein engelsk profesjonell fotballklubb.
Frå og med 2020/21-sesongen spelar klubben i Premier League etter at dei vann Championship i 2019/20-sesongen.
Klubben vart stifta i 1919,[1] og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Starten
[endre | endre wikiteksten]Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar under første verdskrig.
Tida under Don Revie
[endre | endre wikiteksten]Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øvste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leeds si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.
Etter Revie
[endre | endre wikiteksten]Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameister. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.
Meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Engelske ligameister: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
- Vinnar av nivå 2 (Divisjon 2 - Championship) 1923/24, 1963/64, 1989/90 - 2019/20
- Vinnar av FA-Cupen: 1972.
- Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
- Vinnar av Ligacupen: 1968.
- Finalist i Ligacupen: 1996.
- Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
- Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
- Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997
Plasseringar i cup og serie
[endre | endre wikiteksten]Oversikt over Leeds United F.C.-sesongar sidan 1919/20.
Kjende spelarar
[endre | endre wikiteksten]Leeds United sine managerar
[endre | endre wikiteksten]Manager | Periode | Manager | Periode |
---|---|---|---|
Arthur Fairclough | (1920-1927) | Eddie Gray | (2003-2004) |
Dick Ray | (1927-1935) | Kevin Blackwell | (05/2004-09/2006) |
Billy Hampson | (1935-1947) | John Carver[2] | (09/2006-10/2006) |
Willis Edwards | (1947-1948) | Dennis Wise | (10/2006-01/2008) |
Frank Buckley | (1948-1953) | Gary McAllister | (01/2008-12/2008) |
Horatio Carter | (1953-1958) | Simon Grayson | (12/2008-02/2012) |
Bill Lambton | (1958-1959) | Neil Redfearn | (02/2012) |
Jack Taylor | (1959-1961) | Neil Warnock | (02/2012-04/2013) |
Don Revie | (1961-1974) | Neil Redfearn | (04/2013) |
Brian Clough | (1974) | Brian McDermott | (04/2013-05/2014) |
Jimmy Armfield | (1974-1978) | Nigel Gibbs | (01/2014-02/2014) |
Jock Stein | (1978) | Dave Hockaday | (06/2014-08/2014) |
Jimmy Adamson | (1978-1980) | Neil Redfearn | (08/2014-09/2014) |
Allan Clarke | (1980-1982) | Darko Milanic | (09/2014-10/2014) |
Eddie Gray | (1982-1985) | Neil Redfearn | (11/2014-2015) |
Billy Bremner | (1985-1988) | Uwe Rösler | (2015-10/2015) |
Howard Wilkinson | (1988-1996) | Steve Evans | (10/2015-05/2016) |
George Graham | (1996-1998) | Garry Monk | (07/2016-05/2017) |
David O'Leary | (1998-2002) | Thomas Christiansen | (06/2017-02/2018) |
Terry Venables | (2002-2003) | Paul Heckingbottom | (02/2018-06/2018) |
Peter Reid | (2003) | Marcelo Bielsa | 07/2018- |
Spelarstall
[endre | endre wikiteksten]Tabellen vart sist endra 11. november 2021[3][4].
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Club» (på engelsk). Leeds United. Henta 6. august 2020.
- ↑ «Leeds United - Current and former staff» (på engelsk). Transfermarkt. Henta 11. november 2021.
- ↑ «First Team» (på engelsk). Leeds United. Henta 11. november 2021.
- ↑ «Leeds United - Club profile» (på engelsk). Transfermarkt. Henta 11. november 2021.