Hopp til innhald

Robbie Fowler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robbie Fowler


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. april 1975 (49 år)
Toxteth
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 2002, EM i fotball 1996, EM i fotball 2000
Robbie Fowler

Robert (Robbie) Bernard Fowler (fødd 9. april 1975) er ein engelsk fotballspelar, fødd i Toxteth i Liverpool i England, som spelar for Liverpool FC. Fowler er no inne i sin andre periode i klubben. Han returnerte til Liverpool FC i januar 2006, etter fem sesongar i Leeds United og Manchester City.

I den første perioden sin i Liverpool, blei Fowler ein av klubbens største heltar gjennom tidene. Han var ein av engelsk fotballs mest målfarlege spelare på 1990-talet, og scora totalt 171 mål på sine åtte første sesongar i Liverpool. At han i tillegg var ein lokal spelar gjorde han ikkje mindre populær blant tilhengjarane. Då han starta karrieren sin, hadde Fowler talet 23 på ryggen, men overtok etter kvart Ian Rush si trøye nummer 9. Hjå Manchester City vart han klubben sin toppskårar i Premier League i 2004/05-sesongen, med 11 seriemål.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Fowler deltok i 26 av Englands landskampar i tida 1996-2002, skåra sju mål. Han var innbyttar i to kampar under Fotball-EM 1996 og ein i Fotball-VM 2002.

Klubb Kampar* Mål* Periode
Liverpool 236 120 1993-2001
Leeds 30 14 2001-2003
Manchester City 48 10 2003-2006
Liverpool 15 4 2006-

* Berre ligakampar.

  • Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1995 og 2001 med Liverpool FC
  • Finalist i meisterligaen: 2007 med Liverpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 2008 med Cardiff City

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]