Maoridukkar
Maoridukkar | |
Maoridukkar, januar 2008 Foto: Wikipedia-brukar D-rew
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Poliocephalus |
Art: | Maoridukkar P. rufopectus |
Vitskapleg namn | |
Poliocephalus rufopectus |
Maoridukkar (Poliocephalus rufopectus) er ein liten medlem i dukkarfamilien, endemisk for New Zealand.
Maoridukkarar er 29 centimeter i lengd og veg om lag 250 gram. Kroppen verkar mørk, kort og butt, nebbet er rett og relativt kort. I hekkedrakt er dei mørk, gråbrune på overida med eit glansa, svart hovud med tynne sølvfarga striper. Framsida av halsen og brystet er rustfarga. Auga er gule, og halen er kvit og dunaktig.
Ikkje-hekkedrakta er generelt bleikare og meir diffus. Ungfuglar får same drakta etter nokre månader.
På Nordøya han er funne på vestkysten av kystnære innsjøar frå North Cape til Pukekohe og frå sørlege Taranaki til Paraparaumu, på innsjøar og dammar i det sentrale platået, Gisborne, Hawke's Bay og Wairarapa.
Denne arten var tidlegare til stades på innsjøar i låglandet på Sørøya, men fekk ei rask nedgang der av ukjende grunnar på 1800-talet, og den siste registrerte hekkinga på Sørøya er frå 1941.
Denne dukkararten er sky og vil dukke og skjule seg når kan blir uroa. Føda består hovudsakleg av akvatiske insekt og larvane deira, og dessutan små blautdyr som sniglar. Nokre gonger tar dei byttedyr som fisk og ferskvasskreps.
Storleiken på populasjonen av maoridukkarar er estimert til 1700 individ (2005) og er minkande.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2012) Species factsheet: Poliocephalus rufopectus. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. juli 2012
- Videoar, bilete og lydopptak av maoridukkarar hos Internet Bird Collection