Narva-Jõesuu
Utsjånad
Narva-Jõesuu | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Estland | ||
Maakond | Ida-Viru maakond | ||
Grunnlagd | 1500 | ||
Borgarmeister | Andres Noormägi | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2007) |
3 011 | ||
Koordinatar | 59°27′32″N 28°02′26″E / 59.45889°N 28.04056°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Nettstad: www.narva-joesuu.ee |
Narva-Jõesuu (tysk Hungerburg, russisk Усть-Нарва, Ust-Narva) er ein by i Ida-Viru maakond nord i Estland ved kysten av Austersjøen og nær grensa til Russland. På estisk og russisk tyder namnet «munningen til Narvaelva».
Byen har om lag 3000 innbyggjarar og som i den nærliggande byen Narva, er dei fleste innbyggjarar russarar. 13 % av innbyggjarane er etniske estlendingar.
Den sju kilometer lange kvite sandstranda er ein populær turistdestinasjon om sommaren. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var byen ein kurstad som ofte vart vitja av adelen i St. Petersburg, som ligg mindre enn 150 km mot aust.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Narva-Jõesuu» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.