Ole Didrik Lærum
Ole Didrik Lærum | |||
| |||
Fødd | 7. september 1901 Bruvik | ||
---|---|---|---|
Død | 22. april 1972 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | sivilingeniør |
Ole Didrik Lærum (7. september 1901–22. april 1972) var ein norsk bygningsingeniør frå Dale i Bruvik i Hordaland, professor i veg- og jarnbanebygging ved Norges Tekniske Høgskole.
Lærum voks opp på Voss, der faren var lækjar. Han studerte ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, ferdig utdanna sivilingeniør 21 år gammal. Sidan arbeidde han med Flåmsbanen i seks år, før han ei tid var tilsett ved NTH. Åra 1933-38 deltok han i bygginga av den transiranske jarnbana, etter kvart i leiande stillingar i det danske entreprenørselskapet som bygde bana. Lærum heldt der etter fram å arbeide for det same selskapet i Iran. Som sjefsingeniør var han sentral i å halde samferdsle-årene i landet opne under andre verdskrigen. Etter at allierte styrkar invaderte Iran i 1941, transporterte dei allierte store mengder og forråd over veg-, flyplass- og jarnbanenettet i landet.
Lærum flytta frå Teheran i 1944 og kom, etter eit mellomspel som rådgjevar for keisar Haile Selassie av Etiopia, heim til Noreg i 1945. Frå nyår 1946 til 1965 underviste han i bygging av veg, jarnbane og flyplass som professor ved Norges Tekniske Høgskole til han sa opp i 1965. I denne posisjonen fornya han undervisninga i samferdsleteknikk. 1952-54 var han anleggssjef i Forsvarets Anleggsdirektorat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |