Out of Time av R.E.M.
Out of Time Studioalbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1991 | |
Innspelt | September–oktober 1990 | |
Sjanger | Alternativ rock | |
Lengd | 48:25 | |
Selskap | Warner Bros. Records | |
Produsent | Scott Litt og R.E.M. | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
Green (1988) |
Out of Time | Automatic for the People (1992)
|
Out of Time er eit musikkalbum frå 1991 utgjeve av den amerikanske musikkgruppa R.E.M..
Albumet kombinerer element av pop, folkemusikk og klassisk musikk, som på det førre albumet, Green, men i tillegg innførte R.E.M. og element frå country, som dei heldt fram med på det neste albumet Automatic for the People i 1992. Albumet inneheld fleire R.E.M.-klassikarar som «Losing My Religion», «Near Wild Heaven» og «Country Feedback»[1]
Singelen «Losing My Religion» vart gjeven ut før albumet og vart den største hitten til bandet i USA og var med på å slå bandet igjennom verda over. Albumet gjekk til førsteplass på både den amerikanske og den britiske albumlista. På VG-lista nådde albumet 4. plass og låg på lista i totalt 34 veker i 1991, 2000 og 2001.[2] Albumet vann tre Grammy Awards i 1992, ein for «beste alternative musikkalbum» og to for den første singelen «Losing My Religion».
I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q Out of Time fram som det 38. beste albumet gjennom tidene, medan det på ei ny kåring i 2006 hamna på 37. plass. I 2006 vart albumet valt ut av TIME Magazine som eit av dei 100 beste albuma nokon gong.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
- «Radio Song» - 4:15
- «Losing My Religion» - 4:28
- «Low» - 4:56
- «Near Wild Heaven» - 3:19
- «Endgame» - 3:50
- «Shiny Happy People» - 3:46
- «Belong» - 4:06
- «Half a World Away» - 3:28
- «Texarkana» - 3:40
- «Country Feedback» - 4:09
- «Me in Honey» - 4:06
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Out of Time». All Music Guide. Henta 11. februar 2008.
- ↑ «Out of Time». vg.no. Henta 11. februar 2008.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 9. november 2007, henta 11. februar 2008