Reckoning av R.E.M.
Reckoning Studioalbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1984 | |
Innspelt | 8. desember 1983 – 16. januar 1984 | |
Sjanger | Collegerock | |
Lengd | 37:57 | |
Selskap | I.R.S. Records | |
Produsent | Mitch Easter og Don Dixon | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
Murmur (1983) |
Reckoning | Fables of the Reconstruction (1985)
|
Reckoning er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1984. Det har med nokre av dei populære tidlege songane til bandet, som «So. Central Rain (I’m Sorry)» og «(Don’t Go Back To) Rockville».
Tekstane på plata unngjekk romantiske tema, og tekstskrivar Michael Stipe grublar i staden over mellom anna kaldt vêr, eit eventyr der eit barn druknar, ein flaum og det å vere overflatisk. Opptakttonen i musikken står i kontrast til dei mørke tekstane. Den siste songen, «Little America», handlar om landlege USA, og dette temaet vert også teke opp att på den neste plata deira, Fables of the Reconstruction (1985).
Framsidebiletet på Reckoning er ei teikning som er eit resultat av eit samarbeid mellom vokalist Michael Stipe og kunstnaren Howard Finster frå Georgia i USA.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
- «Harborcoat» - 3:54
- «7 Chinese Brothers» - 4:18
- «So. Central Rain (I’m Sorry)» - 3:16
- «Pretty Persuasion» - 3:51
- «Time After Time (Annelise)» - 3:30
- «Second Guessing» - 2:52
- «Letter Never Sent» - 2:59
- «Camera» - 5:26
- «(Don’t Go Back To) Rockville» - 4:55
- «Little America» - 2:56