Philipp Eduard Anton von Lenard
Philipp Eduard Anton von Lenard | |||
| |||
Fødd | Philipp Eduard Anton von Lenard 7. juni 1862 Bratislava | ||
---|---|---|---|
Død | 20. mai 1947 Messelhausen | ||
Nasjonalitet | Tyskland, Ungarn | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, oppfinnar, universitetslærar, politikar | ||
Institusjonar | Christian-Albrechts-Universität zu Kiel Universitetet i Heidelberg Budapest University of Technology and Economics Universitetet i Wrocław RWTH Aachen Universitetet i Bonn | ||
Alma mater | Universitetet i Heidelberg Gymnasium Grösslingová | ||
Doktorgradsrettleiar | Robert Wilhelm Bunsen Georg Hermann Quincke | ||
Ektefelle | Katharina Lenard | ||
Medlem | Det prøyssiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Kampfbund für deutsche Kultur Det ungarske vitskapsakademiet Heidelberger Akademie der Wissenschaften Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg |
Philipp Eduard Anton von Lenard (fødd 7. juni 1862 i Pressburg (Bratislava) i dåverande Austerrike-Ungarn, død 20. mai 1947 i Messelhausen, Main-Tauber-Kreis, Baden-Württemberg) var ein tysk fysikar.
Lenard blei i 1886 filosofidoktor ved Universitetet i Heidelberg, i 1893 dosent i Bonn, i 1894 ekstraordinær professor i fysikk ved Universitetet i Breslau (Wrocław) og i 1895 ved RWTH Aachen. Han blei i 1896 ordinær professor i teoretisk fysikk i Heidelberg, i 1898 i eksperimentell fysikk i Kiel og i 1905 i Heidelberg.
Lenard mottok Nobelprisen i fysikk i 1905 for arbeidet sitt med bilderøyr. Vitskapleg er han mest kjend for dei eksperimentelle arbeida med den fotoelektrisk effekten. Han var den første som nytta vismutspiralar for å måla magnetiske feltstyrke.
Lenard meinte at den moderne fysikken måtte vera feilaktig, då han var abstrakt og streid mot fornufta. Saman med Johannes Stark retta han på starten av 1920-talet kritikk mot relativitetsteorien, kombinert med antisemittiske angrep mot Albert Einstein. Lenard blei i 1922 den første kjende vitskapsmannen som opent solidariserte med NSDAP og Adolf Hitler. Partimedlem blei han fyrst i 1937. Antirelativismen fekk færre tilhengarar med åra, men Lenard og Stark nådde ny framgang etter nazistanes maktovertaking på 1930-talet. Fysikkinstituttet ved Universitetet i Heidelberg blei i 1935 omdøypt til Philipp-Lenard-Instituttet. Lenard gav ut ei lærebok i Deutsche Physik, der han framholt at anlegg for vitskap følgde med rasen og at ariar var best passande. Boka mista derimot innverknad etter at tyske forskarar samla seg i München i november 1940, og blei einige om at relativitetsteorien er ein nødvendig del av fysikken.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nobelprize.org, Nobelprisen i fysikk 1905
- Nobelprize.org, Philipp Lenard - biografi
- "On Cathode Rays", Lenards Nobelførelesing (pdf)
- Denne artikkelen bygger på «Philipp Eduard Anton von Lenard» frå Wikipedia på svensk, den 4. mars 2009.